Oppsummert Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine hovedsynspunkt :
-HVL meiner at moglegheita til å ha åremål for leder av avdeling eller grunneining ikkje må opphevast. Dette må vera ein av institusjonane sine moglege vurderingar ved tilsetting i faglege leiarstillingar
-fleksibiliteten som ligg i dagens heimel til å tilsette professor II er viktig for den faglege utviklinga, statstilsette-lova er mindre fleksibel
Departementet drøftar i høyringsnotatet om det bør gjerast fleire endringar i reglane om mellombelse stillingar i UH-lova enn dei som er føreslegne i NOU 2020:3. Utgangspunktet for departementet si drøfting er det høge talet mellombelse stillingar, og regjeringa sitt uttalte mål om å stramme inn regelverket for bruk av mellombelse stillingar innanfor forsking og høgare utdanning.
Departementet visar vidare til NOU 2021:9 som grunnlag for å drøfte om det er behov for særlege reglar for mellombels tilsetjing, eller om UH-sektoren sine behov for mellombelse tilsetjingar kan løysast innanfor reglane i statstilsettelova og arbeidsmiljølova.
Føremålet med lovforslaget er, slik vi ser det, to-delt:
1. Departementet føreslår endringar i UH-lova sine reglar for mellombelse stillingar for å redusera bruken av mellombelse stillingar i UH-sektoren.
2. Departementet føreslår endringar i UH-lova sine reglar for mellombelse stillingar for å harmonisera regelverka mellom statleg sektor og andre delar av arbeidslivet
HVL deler departementet sitt syn når det gjeld behovet for å redusere midlertidige tilsette i sektoren. HVL si oppfatning er likevel at departementet sitt forslag til endringar i UH-lova ikkje vil ha den effekten på talet mellombelse tilsetjingstilhøve, som regjeringa ynskjer.
HVL er også samd med departementet i at ein bør unngå dobbeltreguleringar i lovverka, men er oppteken av at ei slik pragmatisk tilnærming ikkje må vere på kostnad av nødvendig fleksibilitet i regelverket.
Departementet føreslår å oppheve UH-lova § 6-5 første til og med tredje ledd om mellombels tilsetjing i kvalifiseringsstilling eventuelt i lågare stillingskode.
Unntaket i § 6-5 første og andre ledd er meint å komma i bukt med rekrutteringsbehovet når det er vanskeleg å rekruttera etterspurd kompetanse til undervisnings- og forskarstilling. Moglegheita for å tilsetja i kvalifiseringsstilling etter første ledd er i følgje NOU 2020:3 innført som eit kompetansebyggande tiltak og føreset slik at arbeidsforholda blir lagt til rette slik at kandidaten kan kvalifisera seg til den faste stillinga. Andre ledd kan berre nyttast dersom det ikkje er aktuelle kandidatar til kvalifiseringsstilling etter første ledd.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt syn er at ei oppheving av § 6-5 første til tredje ledd, vil ha liten effekt på bruken av mellombelse tilsetjingsforhold i UH-sektoren.
HVL har ingen sterke innvendingar mot departementet sitt forslag om å oppheve UH-lova § 6-5 første til tredje ledd fordi rekrutteringsbehovet, i dei aller fleste tilfella, kan løysast innanfor reglane i statstilsettelova. Ved rekrutteringsvanskar kan stillinga lysast ut fast med moglegheit for tilsetjing også i lågare stillingskode, kvalifisering og opprykk vil då skje på dei vilkåra som elles gjeld for fast tilsette i institusjonen. Dersom det ikkje er aktuelt å tilsetja fast i lågare stillingskode på grunn av kompetansekrava til stillinga, kan det vera grunnlag for å tilsetja vikar i lågare stillingskode for å dekka opp undervisningsbehovet medan ein lyser stillinga ut på nytt. Slik vikarbruk har lovleg heimel i statstilsettelova, men krev varsemd i høve til grunnbemanningslæra.
Departementet føreslår å endre UH-lova § 6-5 fjerde ledd om tilsetjing i vikariat for tilsett i leiarstilling på åremål.
Departementet legg til grunn at § 6-5 fjerde ledd gjev heimel for mellombels tilsetjing i vikariat i inntil 12 år, som er den øvste grensa for kor lenge ein leiar kan vera tilsett i åremålsstilling. Departementet føreslår difor å endra bestemminga slik at vikaren pliktar å fråtre når perioden for åremålet er ute. Ved å vidareføra unntaket for treårsregelen ønskjer departementet å hindre ein uheldig praksis ved at vikaren får fast tilsetjing før perioden for åremålet (fire år) er ute. Departementet held fram at ein på denne måten i varetek arbeidsgjevar sitt behov for å vurdera vikarbehovet i takt med åremålsperioden.
HVL deler departementet sitt syn på at særregelen er uheldig med omsyn til langvarige mellombelse tilsetjingsforhold, sidan vikaren først får rett til å bli vurdert for passande stilling når stillingshavar kjem attende. HVL sitt ønskjer likevel at konsekvensane av å behalda særregelen, med dei endringane som departementet føreslår, var meir utgreidd, særleg med omsyn til ei ev. vidareføring av vikariatet.
Departementet føreslår å oppheve UH-lova § 6-6 om bistillingar.
UH-lova § 6-6 gjev høve for tilsetjing i inntil 20% av ei UF-stilling på åremål for 2 til 6 år. Stillingane blir omtala som «toarstillingar». Føresetnaden for å ta i bruk regelen er at den tilsette har fast stilling annan stad. I NOU 2020:3 er føremålet med regelen skildra slik: … institusjonene må ha adgang til å ansette medarbeidere midlertidig i bistillinger for å kunne sikre faglig utveksling med andre institusjoner og for å kunne knytte til seg kompetanse fra nærings- og arbeidsliv.
Departementet legg til grunn at regelen i seg sjølv ikkje bidreg til auka bruk av mellombelse stillingar då føresetnaden er at stillinga skal komma i tillegg til anna fast stilling. Departementet meiner likevel at bruk av bistillingar kan komma i strid med prinsippet om fast tilsetjing dersom ein brukar slike toarstillingar for å dekka eit varig kompetansebehov. Departementet meiner også at kategorien bistilling er uklårt definert og at dette m.a. skapar utfordingar knytt til den tilsette sine rettar i stillinga.
Departementet legg til grunn at ei oppheving av § 6-6 vil føre til ei betre harmonisering mellom regelverka i privat og offentleg sektor og at det vil gjere utvekslinga av kompetanse mellom sektorane enklare når regelverka er meir like. Departementet visar i sine argument til statstilsettelova § 7 (3), som eit alternativ til UH-lova § 6-6, og fører fram at statstilsettelova her gjev høve til unntak frå vanleg tilsetjingsprosedyre.
Sjølv om forslaget til departementet ikkje fjernar moglegheita for at UH-institusjonar kan knyta til seg kompetanse frå andre UH- institusjonar eller andre delar av arbeidslivet, er det Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt syn at statstilsettelova sine reglar ikkje er fleksible nok til å ivareta den funksjonen som toarstillingane har i UH-sektoren. Tilsetjing etter statstilsettelova § 7 (3) krev utlysing av stilling og heimel for mellombels tilsetjing, etter tre år vil stillinga vera fast.
Bistillingar etter UH-lova har ein særleg funksjon som skal syta for samarbeid og nødvendig utveksling av spisskompetanse på tvers av UH-institusjonar og anna arbeidsliv, som bidreg til at UH-institusjonane held takt med kvarandre og i forkant med utviklinga elles i samfunnet. Det er vanskeleg å sjå at reglane i statstilsettelova skal kunne gje den same fleksibiliteten.
Det er HVL sitt synspunkt at konsekvensen ved å oppheve § 6-6 er større enn det som departementet legg til grunn i si utgreiing og at forslaget vil gjera det vanskelegare å oppretthalda den funksjonen som desse bistillingane har innanfor UH-sektoren. HVL rår difor departementet til å oppretthalda UH-lova § 6-6.
Departementet ber om innspel på om UH-lova § 6-4 første ledd bokstav c om åremålsstillinger for leder for avdeling eller grunnenhet bør opphevast.
Departementet ønskjer innspel på forslaget om å fjerna moglegheita for tilsetjing på åremål i stilling som avdelingsleiar eller leiar av grunneining. Ei oppheving av § 6-4 c) vil omfatta alle fagleg-administrative leiarstillingar, både dekan, instituttleiar, studieleiar og undervisningsleiar. Desse stillingane vil då vera faste stillingar.
Departementet visar til at UH-institusjonane etter kvart er blitt færre og større og at det ofte er fleire leiarnivå og skriv at det har utvikla seg ein praksis i sektoren for å nytte åremål også for studieleiarar og undervisningsleiarar – noko som ikkje var intensjonen – og at det er trong for å vurdera i kva omfang det er ønskjeleg å bruke åremål. Departementet peikar også her på hovudregelen om fast tilsetjing og at åremål berre skal nyttast i den grad det er nødvendig med ei tidsavgrensa stilling. Dei visar til at åremålsstillingar elles i arbeidslivet berre blir nytta for den øvste leiaren og ikkje for mellomleiarar og stiller seg slik tvilande til om det er føremålstenleg, og eit reelt behov, for å tilsetja fagleg-administrative leiarar på åremål. Departementet skriv at åremålsstillingar ofte rekrutterer internt og dei uttrykker uro for manglande motivasjon for profesjonell administrativ leiing. Dei peikar også på vikarbehovet som følgjer av slik intern rekruttering.
HVL er samd med departementet i at det kan vera grunnar til å vurdera bruken av åremålstilsetjing i fagleg-administrative leiarstillingar. HVL meiner likevel at dette må drøftast med utgangspunkt i kvifor åremål er den føretrekte tilsetjingsforma i desse stillingane.
Grunnlaget for at ein i dag kan tilsetja på åremål i leiarstillingar er knytt til behovet for nyorientering. Tilknytingsforma heng nødvendigvis i hop med innhaldet i desse stillingane og den kompetansen, erfaringa og legitimiteten som krevst for å leia tilsette i høgare utdanning og forsking - der evna til nyorientering og behovet for fagleg fornying står sentralt . Når behovet for profesjonell administrativ leiing veg tyngre enn behovet for nyorientering og fagleg fornying, kan fast tilsetjing gjerne vera det rette.
HVL er ikkje i mot at fagleg-administrative leiarfunksjonar kan ivaretakast i faste stillingar når dette er mest tenleg, men ser det som viktig å behalda moglegheita for å kunne tilsetja i åremål.
HVL meiner det må vera fleksibilitet nok i regelverket til at den einskilde institusjonen sjølv kan vurdera kva som er den rette tilknytingsforma i fagleg-administrative leiarstillingar på ulike nivå i organisasjonen. Å fjerna moglegheita for åremålsstillingar vil medføra ei stor omstilling for dei fleste av institusjonane i sektoren. Regelverket har vore tilpassa UH-sektoren si verksemd og det er truleg lite tenleg å pressa fram endringar i den etablerte leiarstrukturen ved å endre regelverket - ei slik endring bør nok heller komma som følgje av andre strukturelle endringar i måten å driva forsking og høgare utdanning på. HVL vil difor råda departementet til å vidareføra UH-lova § 6-4 første ledd bokstav c).

-den akademiske og faglege autonomien er mest sentral i universitet og høgskoler
-HVL støttar ikkje lovheimel om beslutning i Kongen i Statsråd verken knytt til studiestad eller sentrale profesjonsfag. Vi må bruke dei styringssystema som er etablert mellom eigar og institusjon.
Med bakgrunn i distriktspolitiske omsyn er det foreslått å endre institusjonane sitt mynde ved å lovfeste at nedlegging av studiestader og avvikling av sentrale profesjonsfag med stor regional betydning skal avgjerast av Kongen i Statsråd. Distriktspolitiske omsyn er knytt til at vedtak kan ha stor betydning for arbeidsplassar og befolkning i eit område, og at det kan hindre regjeringa sitt mål om tilgang til utdanning over heile landet.
HVL vil understreke at det prinsipielt viktige for universitet og høgskular i høve til autonomi, er den akademiske og faglege autonomien. Det er denne vi skal hegne om som del av eit demokratisk samfunn. Dei strukturelle, organisatoriske og økonomiske tilhøva har institusjonane i dag vidt mandat til å styre, men denne autonomien er ikkje på same måte som den faglege. Slik vil det heller ikkje vera når vi er offentleg finansierte, og vi er underlagt departementet sitt alminnelege instruksjonsmynde.
HVL støttar ikkje at mynde til å avgjera strukturar blir lovfesta.
HVL meiner at departement og regjering bør bruke styringsmekanismane som ligg i tildelingsbrev, utviklingsavtale, styringsdialog for å styre i ei ønska retning. Tradisjonelt er det innanfor utdanningssektoren god dialog mellom institusjonar og eigar. Det er dette ein må byggje vidare på, og å legge til grunn ei tillitsbasert styring. Nedlegging av studiestader er ein lang prosess som det vil måtte vera tett dialog og avklaringar med eigar om. Som oftast vil nedlegging av studiestader vera knytt til ei samla vurdering av mellom anna regional betydning og kompetansebehov, fagleg kvalitet, læringsmiljø, rekruttering og økonomisk berekraft. Knytt til den økonomiske dimensjonen vil ei campusfinansiering bidra positivt i desse vurderingane. Ved å lovfeste at beslutningar om regionale problemstillingar, og samla vurderingar for institusjonane blir sentralisert er uheldig. Styret, der også departementet har sine eigne oppnemnde representantar, sitt arbeid må baserast på tillit.
Ein lovheimel knytt til nedlegging av studiestader vil i realiteten også bety at vi får to ulike regelverk for UH-institusjonane, dei som er fleircampus-institusjonar og dei som er ein-campus (same tettstad). Det vil sei at styret ved fleircampusinstitusjonar ikkje kan gjera dei samla strategiske og økonomiske vurderingane på same måte som ein ein-campus-institusjon. Det vil bli etablert eit skilje mellom institusjonane i høve til handlingsrom og autonomi.
Ein uheldig effekt av lovforslaget kan vera at det hemmar utvikling og etablering av nye studietilbod og eventuelt nye studiestader. Det vil alltid vera ein risiko ved nyetableringar, og som styra då ikkje har driftsmessig kontroll over ved at det er Kongen i statsråd som endeleg skal vedta om dette kan leggast ned igjen. Dette er det stilt spørsmål i høyringsnotatet om lovheimelen eventuelt berre skal gjelde eksisterande studiestadstruktur og studietilbod. HVL meiner det er uheldig å ha to sett regelverk å forhalda seg til, og som då varierer ut frå etableringstidspunkt. Vi må ha ein symmetri i styringa, den som vedtek oppretting må også kunne legge ned. Men det blir uheldig når eldre strukturar som er politisk oppretta skal ha ein eigen lovheimel om nedlegging, dette må inngå i nye fullmakter. Vi må ha rammeverk som støttar opp om nytenking og utvikling ut frå samla vurderingar for institusjonane.
I prosessar knytt til nedlegging av sentrale profesjonsfag vil institusjonane også her gjera samla vurderingar. Ofte er desse vurderingane knytt til rekruttering, fagmiljø, læringsmiljø og økonomisk berekraft. Det er sentrale strategiske og driftsmessige vurderingar for styret innanfor det mandatet som er gitt. HVL støttar derfor ikkje at nedlegging av sentrale profesjonsfag skal avgjerast av Kongen i statsråd. Dersom det blir tatt inn i lova at Kongen i statsråd skal vedta nedlegging av sentrale profesjonsfag er det viktig å avklare kva utdanningar dette gjeld, då dette vil føre til to ulike behandlingsprosessar for nedlegging av studietilbod. Avklaringar gjeld alle dei foreslåtte ordlydane «studiestad», «sentralt» og «stor betydning». I vurderingar kring utdanningstilbod, er det også fleire ulike alternativ knytt til organisering og omfang. Det kan vera omlegging frå heiltid til deltid, frå campusbasert til samlingsbasert, frå årlege opptak til annakvart år osv. Det er derfor viktig at ein eventuell lovheimel blir tydeleg avgrensa. Dersom dette kjem inn i lovteksta kan det vera ei avgrensing å knytte det til utdanningar med kandidatmåltal, men vi ser også problemstillingar med dette.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) støttar forslaget i høyringsnotatet om ein særregel i UH-lova om at Felles klagenemnd kan vedta strengare straff enn lokal klagenemnd og at fristen i forvaltningslova §34 blir forlenga. HVL meiner at ein slik særregel ikkje vil redusere rettstryggleiken. UH-lova set allereie klare grenser, og sakene frå dei ulike lokale klagenemndene har klare likskapar, som gjer at tilhøva ligg til rette for at klageinstansen har gode føresetnader til å sikre lik praksis på tvers av institusjonane. På denne måten vil fuskehandlinga bli møtt med same reaksjon uavhengig av kva institusjon studenten tilhøyrer. HVL meiner at det er viktig at det blir fastsett ein klar tidsfrist for handsaminga i Felles klagenemnd knytt til særregelen.
HVL meiner at Felles klagenemnd sin utvida tilgang til å vedta strengare straff kun skal gjelde fusk. Andre saker er i større grad knytt til skjønnsmessige vurderingar.
Vi v iser til forslaget om i innføre «generell studiekompetanse » og «generelt opptaksgrunnlag».
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er negativ til forslag om å splitte omgrepet «generell studiekompetanse» opp i to omgrep på bakgrunn av kva opptaksgrunnlag ein har. Vi ser at omgrepet er såpass innarbeida og vil kunne føre til forvirring for søkarane. Omgrepa er likestilte, i og med at begge gir deg lik adgang til høgare utdanning, så det medfører ikkje reell endring utover at det blir to omgrep framføre eitt. Det kan også tolkast slik at ein meiner at søkjarane som kjem frå andre opptaksgrunnlag ikkje er godt nok studieforberedt, og viss dette er bakgrunnen for forslaget må ein heller sjå på opptaksgrunnlaget framfor å endre omgrepa.
Departementet foreslår å fjerne bestemmelsen om åpne studium i §3-6 sjette ledd. HVL støtter dette forslaget.
Det blir foreslått å innføre ein heimel i UH-lova til å kunne fastsette nærare krav i forskrift til norsk og samisk som fagspråk.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein høgskule med ein aktiv språkpolitikk og nynorsk som hovudmålform og vil derfor uttrykke støtte til forslaget om at det blir tatt inn i lova heimel for å kunne gi forskrift til § 1-7 i UH-lova. Vi vil likevel peike på språklova og forskrifter til denne, som eventuelle forskrifter med heimel i UH-lova må balanserast mot.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) støttar departementet si vurdering om å ikkje definere fusk i lova. Vi støttar også at departementet gir HK-dir oppdrag om å utarbeide ein nasjonal vegleiar for handsaming av fuskesaker.