🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Grunnlag for ny universitets- og høyskolelov

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Nynorsk kultursentrum (NK) takkar for høvet til å kommentere høyringa. Me viser også til høyringssvara våre til NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler og NOU 2022:2 Akademisk ytringsfrihet – God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag.

Våre merknader er elles konsentrert om kapittel 7 og om sjølve lovspråket.

Kapittel 7 Norsk som fagspråk

NK er glade for at departementet vil føre vidare kravet om norsk fagspråk, innføre heimel for forskrift om fagspråk og stadfeste eit lovpålagt ansvar for samisk fagspråk.

Me minner om at prinsippet om å vurdere stoda for nynorsk spesielt når ein vurderer regelverk eller politikk for norsk språk. Det har vore gjeldande frå St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, og lovfesta i språklova frå 1.1.2022. I merknadene til dei enkelte paragrafane er det om § 1 tredje ledd slått fast at dette «[…] lovfestar eit prinsipp om å vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. […] «Fremje» skal tolkast slik at det er pålagt det offentlege å auke bruken av nynorsk på ein måte som går vidare enn det som følgjer av særlovgiving til §§ 12–18».

Nokre av dei særlege problemstillingane for nynorsk er trekte fram i NOU-en om akademisk ytringsfridom. Likevel er problema for nynorsk fagspråk lite drøfta og departementet fremmer ikkje her eller andre stader konkrete verkemiddel for å løfte dette. Omlegginga av lærebokutvalet under Diku til læremiddelordning under HK-dir har ikkje teke innover seg dei særlege utfordringane for nynorsk fagspråk, og aktivt fremje nynorskspråklege læremiddel. Det er framleis same krav til å nå små fag/ fagområde. Det gjer at det ikkje vert produsert nynorske læremiddel i dei største fagområda. Det er ein trugsel mot nynorsk som fagspråk, men også på sikt som profesjonsspråk på mange fagområde, inkludert helse- og sosialfag.

Departementet viser i høyringsnotatet til at departementet også styrer språkpolitikken gjennom tilskotsbreva. Her er ikkje nynorsk omtalt særleg, utover at ein skal følgje særlovgivinga for språkveksling etter mållova/ språklova. Det held ikkje for å følgje kravet om at statlege organ skal fremje og styrke nynorsk.

Forskriftsfesting kan vere ei tilfredsstillande løysing for å sikre meir konkret oppfølging av språkpolitikken i høgare utdanning. NK meiner det er viktig at førarbeida til ny UH-lov og eventuell fagspråkforskrift, som i tillegg til det som er nemnd i kapittel 7.2, tydeleggjer at

- NOKUT eller Språkrådet får tilsynsplikt for språkarbeidet ved institusjonen

- norsk skal vere hovudspråket for undervising, forsking, administrasjon og styringsorgan ved norske universitet og høgskular

- institusjonane er pliktige til å gi norskopplæring til tilsette utan norskkompetanse ved tilsetjing

- institusjonane skal utvikle parallelle terminologilister for nynorsk, bokmål, eventuelle samiske språk, engelsk og andre relevante framandspråk for fagområdet

- institusjonane skal leggje til rette for at studentane kan forstå og formidle faginnhaldet på nynorsk og bokmål, for institusjonar med særleg ansvar: samiske språk

- institusjonane skal utvikle og nytte læremiddel på nynorsk, bokmål og for institusjonar med særleg ansvar: samiske språk

Med språklova er det slått fast at nynorsk og bokmål er skriftspråk (og omgrepet målformer er ikkje lenger særleg i bruk). NK meiner lova må synleggjere bokmål og nynorsk som sjølvstendige fagspråk, og dimed tydeleggjere det tospråklege ansvaret for institusjonane.

· NK meiner Kunnskapsdepartementet bryt intensjonen i tredje ledd § 1 i språklova, og bed om at ein vurderer situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt før ein fastset endeleg lov, forskrift og eventuelle andre politiske tiltak

· NK bed om at § 1-7 vert endra til «§ 1-7 første ledd skal lyde: (1) Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av bokmål og nynorsk som fagspråk. Institusjoner som har et særlig ansvar for samisk forskning og høyere utdanning, har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av samisk fagspråk. Departementet kan gi forskrift om institusjonenes ansvar etter første og andre punktum.»

· NK stør framlegget om at eit særleg ansvar for samisk fagspråk vert lovfesta.

· NK stør framlegget om å innføre heimel til å fastsetje nærmare krav i forskrift.

Nynorsk kultursentrum er positive til å føre vidare retten til valfritt norsk skriftspråk i emne i norsk høgare utdanning. Frå 1. august 2022 er dette heimla i to lovar § 1-7 (2) i lov om universiteter og høyskoler (UH-lova) og siste ledd i § 3 i språklova. Desse to skil seg frå kvarandre ved at UH-lova også gjeld private institusjonar.

Det er forskriftsheimel i begge lovene og same intensjon, men ulikt verkeområde. Nynorsk kultursentrum meiner det er føremålstenleg at lovene har felles forskrift, og at det bør vere til UH-lova slik at det også gjeld private UH-institusjonar.

Uavhengig av dette meiner NK at «eller når andre særlege grunnar talar for det» må fjernast frå unntakshøva i framlegget til forskrift frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Røynslene frå mållova er at det offentlege ofte ikkje følgjer regelverket og gjerne nyttar vide unnataksreglar. NK ser behov for eit unnatak for lærarutdanningar der det er krav om å prøve studentane i både bokmål og nynorsk, og meiner dette skal presiserast direkte i forskrifta.

· NK vil fjerne det generelle «andre særlege grunnar» som unnataksregel i § 4 og erstatte dette med eit høve til unnatak for lærarutdanningar der studentar skal kunne skrive båe skriftspråk.

· NK bed KUD og KD samordne forskriftene og lovene på dette området.

I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining hadde regjeringa eit mål om at 25 prosent av lovverket i tekstmengd skulle vere på nynorsk. Fram til 2015 var dette 10 prosent av tekstmengda (og 15 prosent av lovene). I Prop. 108 L Språklova er dette peika på som ei uheldig utvikling, og mykje skuldast at tidlegare lover på nynorsk vert erstatta av nye på bokmål. Nynorsk kultursentrum bed Kunnskapsdepartementet fastsetje ny universitets- og høgskolelov på nynorsk, og på den måten følgje opp måla i norsk språkpolitikk om å styrkje nynorsk skriftspråk.

Nynorsk kultursentrum stiller gjerne opp i møte for å utdjupe og drøfte framlegg til løysingar på fleire av problemstillingane som er lagt fram i dette høyringsnotatet.

Reidar Sandal styreleiar

Per Magnus Finnanger Sandsmark direktør