Dato: 14.11.2025 Svartype: Med merknad Høringsinnspel til NOU 2025:7 – Musikklandet frå musikkterapeuter i Møre og Romsdal Musikkterapinettverket i Møre og Romsdal takkar for moglegheita til å kome med innspel på NOU 2025: 7 «Musikklandet». Musikkterapeutar i nettverket i Møre og Romsdal ynskjer å gi innspel på punktet som handlar om etablering av ei ny musikkterapiutdanning på ny studiestad. Vi i nettverket ser på lik linje med utvalet bak utgreiinga at det er ei skeivfordeling i landet når det gjeld tilgang på musikkterapitilbod. Vi ser også ei slik skeivfordeling i vårt eige fylke, og vi erfare at det i mange tilfelle også er ønske om musikkterapi, men at der ikkje finst tilbod og kompetanse. Utvalet bak NOU 2025:7 «Musikklandet» går inn for å prioritere oppretting av eit studietilbod i Nord-Norge, og nemner Tromsø som konkret lokasjon for utdanninga. Musikkterapeutar i musikkterapinettverket i Møre og Romsdal støttar dette forslaget. Vi meiner at ei musikkterapiutdanning i Nord- Norge vil kunne generere fleire musikkterapistillingar og dermed også at innbyggjarar i fleire delar av landet får eit musikkterapitilbod. Ei musikkterapiutdanning i Nord- Norge vil føre til fleire utdanna musikkterapeutar og eit meir utbreidt musikkterapitilbod. Vi trur også at ei utvidinga av utdanningstilbodet innan musikkterapi nasjonalt, vil vere med å bidra til utvikling for norsk musikkterapi som fag, profesjon og praksis, med mellom anna praksisutvikling og fleire forskings- og utviklingsarbeid. Musikkterapeutar i musikkterapinettverket i Møre og Romsdal ser det difor som viktig å auke utdanningskapasiteten innan musikkterapi i Noreg, og meiner det er hensiktsmessig og positivt å leggje ei ny musikkterapiutdanning til Nord- Norge. Musikkterapeutar i musikkterapinettverket i Møre og Romsdal Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"