Kan ikkje sjå at det skulle vera naudsynt med ei eiga lov for å kontrollere kva info folk skal få tilgang til mht korona og myndighetene si handtering av dette. Det som gjeld personvernet er dekka av eigne lover. I eit fungerande demokrati er det svært viktig at at borgarane har innsyn i politiske avgjerder. Dette gjeld både å bli høyrt, som i dette høyringsvaret, og for å kunne sjå kva som er blitt sagt/gjort av polikarar/ myndigheter. Ein så kort høyringsfrist som i dette tilfellet, høyrer meir heime i eit diktatur. At me borgarar må logga oss inn på regjeringa vår si side for å lesa høyringsvaret, høyrer heller ikkje heime i eit fungerande demokrati.