Dato: 30.09.2022 Vedtak i Øygarden kyrkjelege fellesråd sitt arbeidsutval 28.09.2022, sak 27/22 Øygarden kyrkjelege fellesråd sluttar seg i det vesentlege til forslag til digitalisering av gravferdsmeldinga og andre endringar i gravplassloven og gravplassforskriften, og meiner digitialisering av gravferdsmeldinga vil føre til meir tilgjengelege tenester for brukarane. Øygarden kyrkjelege fellesråd meiner at personveromsyn må tilleggast stor vekt i digitaliseringsarbeidet. Vår vurdering jf. pkt 4.2,4. avsnitt, er likevel at det er viktig at trus- og livssynssamfunn vert tekne med. Dei etterlatne vil trenge hjelp og støtte i samband i møte med døden, Mange avgjerder må gjerast raskt som følgje av fristane for gravlegging og kremasjon. Det trus- eller livssynssamfunnet som den avdøde høyrde til treng behandlingsgrunnlag for å kunne yte tenester til sitt medlem gjennom digitaliserte system. Når det gjeld deling av opplysingar utan hinder av teieplikt, meiner Øygarden kyrkjelege fellesråd ein må vere varsame med dette i høve til private, kommersielle aktørar. Denne tilgangen bør ikkje rekke vidare enn det som er strengt nødvendig. Øygarden kyrkjelege fellesråd sluttar seg til framlegget om ein siste frist for kremasjon på 15 yrkesdagar. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"