🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2022:1 Cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder

Statsforvaltaren i Vestland

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Uønskte hendingar med cruiseskip er ein av mange uønskte hendingar kommunane må vere budd på å handtere. Ei slik hending kan vere svært alvorleg. Vi meiner likevel at det er viktig at beredskapen for kunne handtere slike hendingar er ein del av eit samla beredskapssystem i kommunen. Vi trur at det er ein styrke for både lokal, regional og nasjonal beredskapsevne at det eit mest mogleg einsarta og likt system for å handtere konsekvensane av uønskte hendingar, uavhengig av kva som er den utløysande årsaka.

Tilråding nr. 61 frå utalet er i tråd med denne tankegangen. Det er positivt at det her er trekt fram kommunen sin analyse av risiko og sårbarheit (ROS-analyse) som rett plass for å kartlegge risikoutfordringane knytt til cruisetrafikken for den enkelte kommune.

I tilråding nr. 62 kjem utvalet med oppmoding om at « kystkommuner bør få på plass interkommunale avtaler om gjensidig støtte i en hendelse med cruiseskip ». Vi meiner at som eit utgangspunkt bør støtte ved slike hendingar inngå i heilskaplege samarbeidsavtalar om beredskap mellom nabokommunar, og mellom kommunen og frivillige organisasjonar.

Vi oppmodar kommunane om å inngå på tvers av kommunegrenser. Slike avtalar omhandlar i stor grad ein intensjon om støtte, og avklaring av kva type oppgåver det er høve til å gi gjensidig støtte til. Avtalene er såleis ikkje knytt til konkrete hendingar.

Avtalene med støtte frå frivillige organisasjonar ved uønskte hendingar er etter vår erfaring minst like viktig som mellom kommunar, sidan dei inneber ei forventingsavklaring om kva type ressursar den enkelte organisasjon kan bidra med. Vi tilrår difor at tilrådning nr. 62 vert endra til «kystkommuner bør få på plass interkommunale avtaler og avtaler med frivillige organisasjoner om støtte ved uønskede hendelser, herunder hendelser med cruiseskip».

Vi støtter utvalets presisering av Statsforvaltarens ansvar for rettleiing og oppfølging av kommunane. Vi er samd i at fylkesberedskapsrådet er ein viktig arena for samordning på regionalt nivå, som supplement til den koordineringa av sjølve redningsaksjonen som HRS og eventuelt redningsleiinga i LRS vil drive.

Særleg om redningsinnsats til sjøs Utvalet omtalar systemet for redningsinnsats til sjøs (RITS) og dei sju RITS-gruppene som vi har i dag. Vi kan ikkje sjå at lokalt brannvesen sin rolle er omtalt. Lokalt brannvesen vil kunne vere ein viktig ressurs ved mange hendingar langs kysten, både før RITS-gruppene kjem på plass og som støtte når dei er i aksjon. Vi saknar difor ein omtale av lokalt brannvesen si rolle, og kva krav det eventuelt er til beredskap for uønskte hendingar i cruisetrafikken.