Politikk for immateriell kulturarv
Noregs Ungdomslag meiner det trengst ein statleg strategi for immateriell kulturarv. Den levande musikkarven – folkemusikk, joik, vokale tradisjonar og dans – heng tett saman med drakttradisjonar, handverk, forteljarkunst og lokale ritual og praksisar. Likevel opplever vi at det ikkje er ein samla politikk som speglar kor viktig desse tradisjonane er. Musikklandet viser at tradisjonsborne praksisar er ein del av grunnmuren i musikkfeltet og krev langsiktig arbeid med rekruttering, overføring og bruk. Det same gjeld for resten av den immaterielle kulturarven. Noregs Ungdomslag støttar difor kravet frå folkemusikk- og folkedansorganisasjonane om ein strategi eller stortingsmelding for immateriell kulturarv, der musikk og dans er likestilt med andre kulturuttrykk, og der Noreg følgjer opp forpliktingane i UNESCO-konvensjonen.
Styrk folkemusikkarkiva
I dag er arkiv og samlingar på folkemusikk-, joike- og folkedansfeltet små, sårbare og fragmenterte. Det gjer det vanskeleg å ta vare på materialet, gjere det tilgjengeleg og bruke det aktivt i undervisning, rekruttering og nyskaping. Når Musikklandet etterlyser betre digital infrastruktur og kunnskapsforvaltning, må det følgjast av konkrete tiltak. Vi meiner det bør etablerast eit nasjonalt fag- og katalogsystem for folkemusikk-, joike- og folkedansarkiv, i samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og regionale arkivmiljø. Dette er ein føresetnad for at denne kulturarven kan brukast, delast og førast vidare – i tråd med prinsippet om vern gjennom bruk.
Fond for tradisjonsutøvarar
Det er viktig med ordningar som gjev betre vilkår for tradisjonsutøvarar, inkludert joikefond og fond for tradisjonsmusikarar og -dansarar. I dag premierer dei fleste tilskotsordningar nyproduksjon og eigenkomponert musikk, medan arbeid med tradisjonelt repertoar vert svakt verdsett. For Noregs Ungdomslag, der mykje av aktiviteten byggjer på tradisjonar og delingskultur, er det avgjerande at politikken òg legg til rette for dei som forvaltar og utviklar tradisjonane. Eit fond for tradisjonsutøvarar vil vere eit viktig steg.
Felles utfordringar for heile kulturfrivilligheita
Studieforbunda er ein av nøklane for både kulturfrivilligheit og livslang læring. Studieforbundet kultur og tradisjon er ein sentral partnar for Noregs Ungdomslag og sikrar kurstilbodet over heile landet. Vi støttar forslaget om å harmonisere satsane for studietilskot mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, slik at like kurs får lik utteljing. Det er òg eit viktig signal om at kulturfrivillig aktivitet på tvers av fagområde skal behandlast likt.
Vurderingane av studieforbunda i Musikklandet kan lett overførast til andre felt enn musikk. Dei same mekanismane gjeld for dans, teater, kulturhusdrift, tradisjonshandverk og andre kulturuttrykk. Utan systematisk opplæring og gode rammer for frivillig læring vert både deltaking, kvalitet og rekruttering svekka. Difor stiller vi oss bak NOUen sitt perspektiv på livslang deltaking. Vi må sjå kulturfrivillig aktivitet i eit livsløp, der barn, unge, vaksne og eldre kan vere deltakarar, tillitsvalde, instruktørar og tradisjonsberarar. For sterk einsidig vekt på barn og unge i tilskot og satsingar kan i verste fall svekkje dei miljøa som skal ta imot nye generasjonar og møteplassar som samlar fleire generasjonar.
Mange av utfordringane Musikklandet skildrar – knytt til finansiering, mangel på klare rammer og medverknad – er velkjende i kulturfrivilligfeltet. Eit lappeteppe av kortvarige prosjektmidlar, hyppige regelendringar og lite reell medverknad frå frivilligheita gjer langsiktig arbeid krevjande. Noregs Ungdomslag støttar difor innspela frå Kulturalliansen om meir oversiktlege og opne tilskotsordningar, og systematisk medverknad i prosessane som avgjer rammevilkåra.
Noregs Ungdomslag håpar at NOU 2025:7 Musikklandet vert brukt til å byggje ein meir heilskapleg og langsiktig politikk – for musikk, for kulturfrivilligheit og for den immaterielle kulturarven. Vi ser fram til å følgje arbeidet vidare.