🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring vedrørende forslag til endringer i fornybardirektivet, energieffektivise...

Alvar Melvær

Departement: Familiedepartementet
Dato: 19.08.2022 Konklusjon: Eg går mot dei omtalte endringane i direktiva. Særleg gjeld dette dei endringane som omhandlar vindkraft. Grunngjeving: EU ønskjer kortare sakshandsmingstid gjenneom å "forenkle" og dermed svekke, konsesjonshandsaminga. Særleg gjeld dette konsekvensutgreiingsdelen. Det er ille! I vindkraftsaker har det alt i utgangspunktet ofte vore ikkje tilfredsstillande konsekvensutgreiingar. Ein generell hovudgrunn til det, kan vere "det norske systemet", der alle konsekvensutgreiingar er "kjøpt og betalt" av utbyggarane. Det er eit dårleg "system". Døme på resultat av dårlege utgreiingar/dårleg sakshandsaming: 1. Staten var dømt i Høgsterett, og vindkraftkonsesjonar på Fosen vart kjent ugyldige. 2. Fugletrekk gjennom planlagde vindkraftverk vart ikkje undersøkte. Eitt av mange døme: Guleslettene vindkraftverk, der fugletrekkrutene ikkje vart undersøkte før lenge etter at konsesjon var gitt. Dei pålagde undersøkingane omfatta dessutan berre den vestlege delen av vindkraftverket, trass i at det, særleg i klageprosessen, vart innsendt til NVE/OED grundig dokumentasjon på fugletrekk også i den austlege delen. 3. Okla vindkraftverk på Stadlandet. Der vart det søkt om å bygge vindturbinar forankra i fjell utan at verken utbyggaren eller NVE hadde undersøkt grunntilhøva. Først ganske llenge etter at bygginga hadde starta, oppdaga dei at der var berre lausmassar. Kor "amatørmessig" er det mogeleg å vere? Alt sidan 1950-talet, truleg lenger, har det vore kjent at heile eller delar av Stadlandet ikkje var dekka av innlandsisen under siste istid, og at det derfor var store mengder lausmassar der, mellom anna svært djupe myrar. Det vart opplyst om dette i minst ei høyringsfråsegn. Vindkraft er med noverande teknologi ein miljømessig svært dårleg måte å produsere kraft på. Mellom anna fordi dei stendig større turbinblada ikkje kan gjenvinnast. Dette betyr at det over tid vil bygge seg opp kjempestore søppelproblem som ein i dag ikkje veit korleis ein skal handtere på ein tilfredsstillande måte. NVE sin dåverande seksjonssjef for vindkraft, sa i eit folkemøte om meldinga om Guleslettene vindkraftverk i 2008 at NVE var klår over at det ikkje var mogeleg å gjenvinne turbinblad, men at han rekna med at slik teknologi ville vere på plass når turbinane si levetid på ca. 20 år, var ute. No har det gått 14 år sidan dette vart sagt. Kva har NVE/OED gjort for at turbinblad skal kunne gjenvinnast??? Andre synspunkt: Eu sine direktivendringar har også positive trekk, men då på andre område enn vindkraft. Eg tenkjer på bruk av solenergi. Ein måte å raskt skaffe miljøvenleg solenergi på, er å legge solcellepanel på tak (og vegger?) på eksisterande og nye bygningar. Vi ser at private no i stendig meir omfattande grad legg solcellepanel på taka på hus og hytter. Ein del private legg også solcellepanel på taka på næringsbygg. Dette er i dei aller, aller fleste tilfelle lite/ikkje kontroversielt, og kan gjerast raskt for å dempe den noverande straumpriskrisa. Men kva gjer det offentlege, stat, fylkeskommunar og kommunar, med sin til saman kjempestore bygningsmasse? Ingenting??? Er det offentlege (med enkelte heiderleg unntak,) dei største sinkene av alle når det gjeld energieffektivisering og lokal energiproduksjon? Noko av det viktigaste staten kan gjere i den noverande energiprissituasjonen, er mellom anna å raskt sette i gang storstila installering av solcellepanel på offentlege bygg. Og å stimulere private til å gjere det same på sine bygg. Dette gir også "kortreist energi", slik at ein unngår at ein stendig aukande del av den norske straumproduksjonen går tapt i linjenettet både internt i Noreg og i kablar til/frå utlandet. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"