Høyringssvar vedrørande klassifisering av apekoppar som ein allmennfarleg smittsom sjukdom
I smittevernlova § 1-3 første ledd nr. 3 er ein allmennfarleg smittsam sjukdom definert som «en sykdom som er særlig smittsom, eller som kan opptre hyppig, eller har høy dødelighet eller kan gi alvorlige eller varige skader». Ingen av dei fire kriteriuma kan seiast å vere oppfylt her.
Forslaget om å ta apekoppar inn i forskrifta som ein allmennfarleg smittsam sjukdom vert sagt å skulle gi oss «rettigheter». Men me har allereie rett til både smittevern og naudsynt helsehjelp. Det som er realiteten her, er at me ved denne klassifiseringa vert pålagt plikter. Ved mistanke om smitte, så vil ein etter smittevernlova kapittel 5, § 5-1 vere forplikta til å underkaste seg undersøking, smittevernrettleiing og isolasjon. Vaksineplikt ligg der som eit mogleg tiltak ved allmennfarleg smittsam sjukdom etter smittevernlova § 3-8, og det skremmer meg mest av alt - særleg etter å ha opplevd alvorlege vaksineskadar på nært hald. Eg registrerer også meir sjukdom og auka dødelegheit i befolkninga, og mistenkjer at vaksiner og øvrige tiltak har ein stor del av skulda.
Med bakgrunn i det som har skjedd dei siste åra, så ser eg med gru på kva dette forslaget kan føre med seg. Aldri tidlegare har eg vore vitne til så mykje hets og diskriminering. Aldri har eg opplevd så mykje liding. Det er på tide å bruke fornuft og snu skuta vår i rett retning.