🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om lisensfellingsperioden for jerv

Skjåk kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Skjåk kommune syner til høyringsdokument der det blir framsett alternative lengder for lisensfellingsperioden for jerv. Skjåk kommune og kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har i lang tid ytra ønskje om at lisensfellingsperioden for jerv blir utvida, slik at den startar når villreinjakta byrjar. Villreinjakt er populært og det er mange erfarne jegerar i fjellet som av og til ser jerv når dei er på jakt. Som høyringsdokumentet viser til så var det høg fellingsprosent i lisensfellingsperioden 2021/2022 for region 3, men det var da sett inn store ressursar for å oppnå dette resultatet. Åra før var fellingsprosenten låg og bestanden av jerv har difor vekst langt over bestandsmålet i regionen. Ei utviding av lisensfellingsperioden med start 20. august, vil kunne vere avgjerande for å få auka uttaket av jerv i regionen. I høyringsbrevet står det at på landsbasis må ein kunne forvente at ei utviding av lisensfellingsperidoen vil i gjennomsnitt utgjere 4-8 fleire felt jerv og at dette ikkje vil ha særleg effekt med tanke på uttak av lisensfellingskvoter, eller redusert behov for ekstraordinært uttak. Skjåk kommune og kommunane i Nord-Gudbrandsdalen er ikkje samd i denne vurderinga. For ein region som har ein jervebestand som ligg langt over bestandsmålet og som har ei beitenæring som har store tap på grunn av jerv, vil eit kvart ekstra uttak av jerv vere avgjerande for om beitenæringa og utmarksbeite kan fortsette i framtida. Ved å ta ut jerven gjennom ordinær lisensjakt, vil ein også kunne bidra til å redusere konfliktnivået mellom rovdyr og beitedyr. På grunn av det aukande konfliktnivået mellom jerv og beitedyr, samt at bestanden av jerv i regionen ligg langt over bestandsmålet, har kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gått saman og opprette eit prosjekt for sikre berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark. Prosjektet skal bidra til å auke uttaket av skadevoldande jerv i kommunane ved ei effektivisering og styrking av den ordinære lisensjakta, slik at ein når kvote for uttak. Ei utviding av lisensfellingsprioden vil kunne vere eit tiltak som kan vere avgjerande for å få bestanden av jerv ned til bestandsmålet. Skjåk kommune vil difor tilrå at punkt 2, lisensfellingsperioden for jerv utvidast til 20. august-15. februar i heile landet blir vedteke. Dersom dette blir avslått vil vi tilrå at alternativ 3, lisensfellingsperioden for jerv utvidast til 20. august-15. februar i område der det er opna for villreinjakt blir vedteke