Dato: 01.07.2022 Svartype: Med merknad Høyringsnotat til Medietilsynets innstilling om framtidig mediestøtte Dag og Tid meiner at innstillinga er grundig og gjev eit godt grunnlag for å skapa ei betre mediestøtteordning . Vi opplever derimot at den nye ordninga for nisjepublikasjonar gjer tilværet mindre føreseieleg, og at innstillinga ikkje i tilstrekkeleg grad styrkjer aviser med eigenprodusert stoff og aviser som står utanfor konsern. Vi kjem i dette notatet med konkrete framlegg for å styrkja uavhengige nisjepublikasjonar ytterlegare. Uføreseieleg støtteordning Vi registrerer at Dag og Tid vil bli del av den nye ordninga for nasjonale nisjepublikasjonar. Vi er glade for at innstillinga peikar på at desse avisene utgjer «et viktig bidrag til mediemangfoldet og har en vesentlig funksjon i samfunnsdebatten innenfor sine respektive samfunnsområder». For Dag og Tid framstår det som uføreseieleg å bli plassert i ei støtteordning med få andre medium og såleis ei avgrensa samla ramme (40 millionar kroner). Samstundes må ein rekna med at det i denne ordninga også vil koma fleire nye medium. Det vil då gje auka risiko for at dei som alt er i gruppa, vil få redusert ramma si etter kvart som nye medium kjem inn i gruppa. For å motverka dette står det i innstillinga: «I perioden 2023–2026 bør Medietilsynet følge utviklingen, slik at tilsynet kan foreslå eventuelle behov for endringer i bevilgningen for påfølgende fireårsperiode dersom ordningen får flere kvalifiserte søkere.» Utan ein konkret mekanisme som utliknar slike endringar, vil det truleg vera krevjande å få dette til i ettertid. For å bøta på dette bør ordninga baserast på rettar , det vil seia at dei som er i ordninga, får behalda sitt tilskot (inkludert prisauke) når nye medium kjem inn. Nye medium får då tilskotet dekt av ei auka ramme. Uavhengige medium bør sikrast I 2020 stod tre aviskonsern for 70 % av det totale opplaget. Denne utviklinga held fram, og fleire aviser er på veg over i desse mediekonserna. Som eit ledd i å demma opp for denne utviklinga – ein klar tendens mot konsolidering der nokre få mediekonsern eig avisene – bør det leggjast til rette for at dei avisene som står åleine, får ekstra kompensasjon for meirkostnadene dette fører med seg . Aviser som står utanfor konsern, har omfattande meirkostnader til datasystem, administrasjon og marknadsføring og ikkje minst knytte til eigenprodusert stoff. Skal vi ha mediemangfald og eigarmangfald, bør Medietilsynet nytta mediestøtta til å gje ekstra støtte til dei media som ikkje er del av eit mediekonsern. Utviklinga har alt kome så langt at det må gjevast monalege ekstra bidrag til dei mediebedriftene som enno ikkje er kjøpte opp. Dag og Tid er glad for å registrera at Medietilsynet ynskjer å styrkja eigenprodusert stoff. Dette er ein del av utfordringa med auka konsentrasjon i nokre få mediehus, og det er viktig å få gjennomført tiltak i form av ei støtteinnretning som stimulerer til eigenproduksjon og støttar dei media som har mykje eigenprodusert stoff. Vi gjer framlegg om at dette blir konkretisert i innstillinga. Språknøkkel Nynorsk er på vikande front på fleire område. Ei av årsakene er at dei som nyttar nynorsk, ikkje får høve til å nytta språket sitt og heller ikkje lesa det. I regjeringsplattforma heiter det: «Regjeringa vil sikra at norsk framleis skal vera eit vitalt, fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Nynorsk og bokmål skal vera likestilte målformer, og som det minst brukte skriftspråket skal nynorsk fremjast og sikrast gode vilkår. Dei samiske språka er sentrale for framtida til den samiske kulturen og vil vera eit naturleg satsingsfelt.» Dag og Tid er nøgd med at det er ein eigen språknøkkel. Med tanke på at Dag og Tid er den einaste riksdekkjande avisa som vert redigert på nynorsk, bør denne faktoren aukast. Dag og Tid har i dag ei sunn økonomisk stilling som eit resultat av stram økonomistyring, men vil kunna utvikla avisa og forbetra produktet dersom avisa får betre økonomiske rammevilkår. Oslo, 28. juni 2022 Sveinung Lindaas, styreleiar for Dag og Tid AS Svein Gjerdåker, redaktør og dagleg leiar for Dag og Tid Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen