Dato: 08.07.2022 Svartype: Med merknad Kringkastingsringen er ein ubunden organisasjon som arbeider for mest mogleg nynorsk, samisk og dialekt i media. Kringkastingsringen stør i all hovudsak framlegget til ny forskrift, men med eit viktig unntak. Både denne forskrifta og Mediestøttelova inneheld eit visst språkperspektiv. Bakgrunnen for ordninga er til dels å ta vare på det norske språket. Men om intensjonen er å stø opp om eit språkmangfald, burde dette ha blitt lagt meir vekt på både i førearbeidet og ikkje minst i forskrifta. Å stø reine nynorskaviser er sjølvsagt bra. Men mykje av framgangen til nynorsk journalistikk dei siste ti åra har kome i aviser som i hovudsak blir redigerte på bokmål. Dette gjev akkurat det mangfaldet forskrifta er meint å stø opp om. Men dette er ein praksis forskrifta ikkje fangar opp. NRK har eit krav på seg om at ein viss prosent av innhaldet skal vera på nynorsk. Medietilsynet vurderer kvart år om dette er tilfelle. Det burde ha vore råd å sjå føre seg ei liknande ordning for aviser, der ein viss prosent av innhald vil utløysa ei form av ekstra støtte. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"