🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høyring av rapport frå ekspertutval om finansiering av universitet og høgskular

Erlend Bakke

Departement: Kunnskapsdepartementet
Dato: 23.03.2022 Høyringsfråsegn: Krav om økonomisk stimulering av universitets- og høgskuleinstitusjonar som kommuniserer i tråd med offentlege reglar og føringar Askøy, 23. mars 2022 Eg viser til den nyleg framlagde rapporten frå eit ekspertutval leidd av Siri Hatlen om framtidig finansiering av universitet og høgskular. Kunnskapsdepartementet har sendt rapporten til høyring fram til 10. juni 2022. Høyringsfråsegna mi fremjar eit krav. Det er å venta at Kunnskapsdepartementet gjer framlegg om å innføra økonomiske ordningar som stimulerer universitets- og høgskulesektoren til å oppfylla dei juridiske reglane og dei politiske føringane for offentleg kommunikasjon. Med offentleg kommunikasjon siktar eg i hovedsak til to ting. Offentleg kommunikasjon omfattar all den offentlege målbruken som er mynta på ålmenta; den målbruken som lov om språk (språklova) regulerer frå og med 1. januar 2022. Offentleg kommunikasjon omfattar au den vitskaplege målbruken og omgrepsutrustinga som trengst på bokmål og nynorsk. Den faglege kommunikasjonen innanfor eit vilkårleg tenkt fagområde må kunna gå føre seg fullt ut på bokmål og nynorsk, og ikkje berre på engelsk (eventuelt berre på eit anna framandspråk). Trongen for å fremja fagspråk på bokmål og nynorsk løyser dimed ut ein trong for å finansiera denne oppgåva. Her er det verdt å nemna reglane om målbruk i lov om universiteter og høyskoler ( universitets- og høyskolelova), som au går fram av https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2020-3/id2690294/?ch=15. Mange svært viktige institusjonar innanfor universitets- og høgskulesektoren, til dømes Universitetet i Oslo og Noregs teknisk- og naturvitskaplege universitet i Trondheim, har kvart einaste år i lange tider brote viktige føresegner i språklova (det vil seia tidlegare lov om målbruk i offentleg teneste ; mållova). I dag er det ikkje høve til å sanksjonera slike systematiske og varige lovbrot med økonomisk straff. Det hindrar ikkje departementet å setja inn økonomisk stimulering for å tryggja at UiO og NTNU oppfyller lovreglane. Reglane og føringane for å styrkja både bokmål og nynorsk som fagspråk, i møte med engelsk, kan au stimulerast økonomisk. Den universitetsinstitusjonen eller høgskuleinstitusjonen som ikkje oppfyller reglane, føringane og forventingane, vil då måtta mista eller ikkje få del i dei løyvingane som er knytte slike økonomiske stimuleringsordningar. Det er på høg tid at finaniseringa av og finaniseringsmåtane i universitets- og høgskulesektoren viser fram kor utruleg viktig kommunikasjonen i denne samfunnssektoren er. Med helsing Erlend Bakke Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"