Dato: 19.11.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar – Endringar i reglane i opplæringslova om skriftleg hovudmål ved vidaregåande skular Lesja kommune visa til Kunnskapsdepartementets høyringsbrev om endringar i opplæringslova § 15-2 og forskrift til opplæringslova om skriftleg hovudmål ved vidaregåande skular. Det er avgjerande å sikra reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk, i tråd med språklova. Nynorsk er det minst brukte skriftspråket, og det offentlege har eit særskilt ansvar for å styrkja nynorsk. Endringar i regelverket må ikkje svekkja posisjonen til nynorsken i skulen. Lesja kommune vil visa til høyringssvaret frå LO, der dei peikar på at ordninga utan krav om vedtak om hovudmål i vidaregåande skule har fungert godt. Lærarane har kunna velja målform i klasserommet, og skulane har sjølve valt administrasjonsspråk. Vi deler vurderinga av at denne fleksibiliteten har vore føremålstenleg. Dersom det framleis skal vera krav om vedtak, støttar vi framlegget om at fylkeskommunen kan velja at ein skule skal vera språknøytral. Dette gir nødvendig handlingsrom, særleg i randsoner der både bokmål og nynorsk blir brukt. Samstundes må departementet vera tydeleg på at det kviler eit ekstra ansvar på offentlege organ, inkludert vidaregåande skular, for å styrkja nynorsken. Vi deler uroa for at dagens regel kan føra til unødvendig ressursbruk og utfordringar for elevar og lærarar, særleg i område med blanda målform. Det er viktig å unngå ordningar som skaper meirarbeid og svekkjer nynorskens stilling. Lesja kommune støttar LO sitt primære ynskje om å gjeninnføra tidlegare praksis utan krav om vedtak om hovudmål i vidaregåande skule. Dersom dette ikkje blir aktuelt, støttar vi framlegget om å opna for språknøytralitet og understrekar behovet for tydeleg informasjon om det offentlege sitt ansvar for nynorsk. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen