Me er i all hovudsak positive til dei endringane som er forslått og til framlegget som ligg føre. Det er positivt at det no blir presisert kva som er kommisjonens oppgåver og at dette handler om meir enn å berre gjennomgå rapporten frå den sakkunnige. Det går fram av nytt framlegg at kommisjonen også skal vurdere om faglege vurderingar og konklusjon samsvarar med premissa. Dette er ei viktig presisisering av arbeidsoppgåvene.
Elles merkar me oss at framlegg til endring under §4 inneheld endring i kommisjonen sitt høve til å pålegge sakkyndige å avgi tilleggsrapport. Formuleringa i nytt framlegg er at kommisjonen kan « anbefale de sakkyndige å avgi en tilleggsrapport innen en gitt frist».
Me vurderer at det er ein fare for at formuleringa «anbefale» i staden for «å pålegge» kan svekke kvalitetssikring av sakkynige utgreiingar då det blir opp til oppdragsgjevar å vurdere om tilleggsrapporten er naudsynt eller ikkje. Formuleringa blir begrunna med omsynet til rolle og ansvar for rapporten, men dei praktiske konsekvensane vil kunne bli at den faglege standarden på sakkunnigrapportar i bruk ikkje vert sikra.