🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring- etablering av et tillatelsesregime for havbruk til havs og endringer i y...

professor, Ingunn Elise Myklebust, Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Eg vil med dette berre gi eit par korte merknader til forslaget til reglar om høyringar og vidareføringar av veto-systemet/samspelet med anna sektorlovgiving, jf. forslaget til § 4-10, § 4-11 og 4-12.

Det støttast at det bør, og må vere, reglar om høyring og samordningsmøte mellom ulike sektororgan før det treffast endeleg vedtak etter dei ulike sektorlovene, som t.d. matlov, ureingslov, dyrevernlov m.m. Eit spørsmål er om slike samordningsmøte bør gjelde uavhengig av om ein vurderar å gi avslag, men kan også vere viktig for å diskutere behov til tilpassingar og vilkårsetting. Eit spørsmål er om ein rett fram bør leggje til grunn at slike samordningsmøte bør vere obligatoiske i dei fleste samanhengar, som det rettslege utgangspunktet? Eg kan heller ikkje sjå at ein i høyringsnotatet - eller forslaget til reglar - er tydelege på eventuelle konsekvensar av at eit sektororgan eventuelt ikkje har varsla eit viktig samordningsmøte, og om dette kan ha betydning for saksprosessen vidare, sml. prinsippet i motsegnssysetmet etter pbl. § 5-4 femte ledd ("så tidlig som mulig") og 5-5 (avskjering). I høve til arealbruk på land, er det ikkje opning for å kome med motsegn til arealbruksspørsmål som ein kunne avklart på eit tidlegare tidspunkt. Det er ikkje gitt at det er mogeleg å ha like "strenge" reglar om medverkering av sektorplanlegging av planlegging på sjø og land, men det er likevel grunn til å stille spørsmål ved kvifor ein ikkje legg opp til eit meir forpliktande samarbeid også her ettersom det er så store verdiar i spel frå aktørane si side. Så vil det naturlegvis vere slik at det kan skje nye oppdaingar under vegs, som t.d. oppdaging av naturverdiar, eller ein ser konsekvensar av "samla belastning" osb, og må kunne ha høve til å reagere på dette. Poenget er at reglane bør leggje opp til ei plikt til å avklare tidleg, det som faktisk er mogeleg å avklare så tidleg.

Så leggjast det merke til at ein ved denne høyringa, ikkje etterspør behov for endringar i akvakulturlovgivinga, men føreset at dette er eit rammeverk/fullmaktslov som kan passe også på havbruk til havs. Igjen kan det stillast spørsmål ved om ein ser behovet for at sentrale sakshandsamingsreglar, som t.d. dei som er nemnt ovanfor om høyringar og vetorrettar, for havbruk til havs bør kome til uttrykk i både lov- og forskriftsreguleringa. Dette kan vere viktig for å sikre både rettstryggleiken for aktørane, men også regelverket sitt legitimitet for andre aktørar og interesser. Om dette ikkje skjer i denne omgangen, bør det vere eit mål å oppdatere lovgivinga slik at også den faktiske reflekterer kva for type havbruksverksemd Norge har, og dei sentrale sakshandsamingsreglar, og materielle reglar, som styrer ei slik næring. I ein slik samanheng er det også grunn til å sjå nærare på kva for organ som "berre" er høyringsinstansar, og kva for organ som også skal treffe endeleg vedtak etter sektorlov. I saker som gjeld akvakultur er det neppe tvilsamt at ein må ha endeleg løyve både etter akvakultur, men også matlov, dyrevernlov og ureiningslov, men det kan stillast spørsmål om det er nødvendig at det endelege løyvet etter hamnelova skal skje i same saksprosess som vedtak etter desse lovene, eller om vurderingar som først og fremst knytter seg til arealbeslaget kan skje på eit tidlegare tidspunkt i prosessen. Ein kombinansjon mellom eventuell mangel på konsekvensar knytt til varsel om samordningsmøte, og sterk makt inn mot siste runde av søknadsprosessen, kunne potensielt vore svært uheldig for næringa. Dette er spørsmål ein kan sjå på i det vidare lovarbeidet.

Ingunn Elise Myklebust

Univeristetet i Bergen