🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av endringer i domstolstruktur

Aukra kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Aukra formannskap har i møte 28.03.22 sak 15/22 gjort følgjande vedtak:

Aukra kommune tilrår at den tidlegare strukturen for domstolane vert gjenoppretta. Aukra kommune ønska i utgangspunktet heller ikkje ei endring av strukturen i 2020/2021, og ser det difor som naturleg å støtte ei tilbakeføring. Domstolane bør vere sjølvstendige og ha stadleg leiing. Domstolane er viktige for statlege kompetansearbeidsplassar og dei inngår som ei viktig del av faglege juridiske kompetansemiljø i regionane. Eit sterkt juridisk miljø i, og rundt dei lokale domstolane, vil best sikre at domstolane kan vere til stades i heile landet over tid. Dagens struktur kan på sikt føre til ei nedbygging av dei mindre rettsstadene i distriktet.