Bømlo kommune har desse innspela til utkast til mellombelse endringar til integreringslova:
8.2.4 Andre ordningar for norskopplæring og norsktrening
Bømlo kommune stiller spørsmål ved om betydninga av kapasitetsutfordringa på feltet er overdrive. Vårt inntrykk etter dialog med mange andre er at kommunane har moglegheit for å auka sin kapasitet til å drive norskopplæring - og at dette vil vere rasjonelt for å sikra heilskap i integreringsarbeidet.
I Bømlo kommune ligg introduksjonsprogrammet i vaksenopplæringa og det er etablert fleksibel opplæring og nettbaserte tilbod, drifta av lærarar med formell kompetanse. Ein har fleire treffpunkt i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for innvandrarar saman med lengebuande bømlingar. Me kan ikkje sjå at endringar i lovverket vil føre til meir eller betre kvalitet.
I Bømlo som i mange andre kommunar har ein lang erfaring med å samarbeida med frivillige lag og organisasjonar, og me vil hevde at det er ein avgjerande faktor for å få til eit godt integreringsarbeid. Arbeid som blir gjort av frivillige lag kan likevel ikkje erstatte kompetansen som ligg i eit profesjonelt fagmiljø innan vaksenopplæring.
8.3.3. Kompetansekartlegging og karriererettleiing
Me er samd i at krav til karriererettleiing av fylkeskommunen før vedtak om introduksjonsprogram kan fråvikast. Dette for å komme raskt i gang med introduksjonsprogram og ev. raskare ut i arbeid. Formell karriererettleiingskompetanse finn ein i andre instansar i kommunane som gjerne kan nyttast.
8.3.4. Introduksjonsprogram
Integreringslova slik den er gir stort rom for fleksibilitet og individuell tilpassing i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet kan ha varigheit frå 3 månadar til 4 år. Me kan difor ikkje sjå at det er nødvendig å ha eiga regulering når det kjem til lengd på program, innhald og sluttmål.
8.3.5 Språktilbod og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Me stiller oss undrande til kvifor det etablerte systemet som ein allereie har ikkje vert rekna som tilstrekkeleg. Kommunane har ein kompetanse innan vaksenopplæring og eit velfungerande samarbeid mellom relevante tenester. Det er viktig at ein har tillit til fagfeltet som baserer seg på lang erfaring i integreringsarbeid og språkopplæring. Det er i alle si interesse at flyktningar blir raskt kvalifiserte til å komme ut i arbeid og samfunnet, og difor vil behovet for norskspråkleg kompetanse melde seg raskt. Dette kan best gjerast av profesjonelle aktørar.
Etter gjeldande rett inntrer rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap ved busetting. Me vil fråråde å gjere endring på rett og plikt til norskopplæring for flyktningar frå Ukraina. Dei bør ha same rettar og pliktar som i gjeldande lov. Kravet og behovet for å kunne beherske norsk gjeld også for desse for å kunne bidra i arbeid og samfunn.