Eg viser til pkt. 8.3.5 på side 48f i høyringsframlegget, samt framlegget til forskriftsendring for §37e på side 156.
Samandrag: Punkt 8.3.5 i høyringsframlegget gjeld tilbod om norskopplæring til fordrivne ukrainarar, og inneheld to framlegg. Båe framlegga vil føra til eit særs dårleg opplæringstilbod til ukrainarane, og bør skrotast. Både retten til norskopplæring, tidsfristen for oppstart og tilskotet til kommunane bør vera som i dag.
Utgreiing: Framlegg 1 går ut på å utsetja retten til norskopplæring til eitt år etter busetjing, og ikkje gje kommunane opplæringstilskot før eitt år er gått. Det fører til at kommunane ikkje får råd til å tilsetja lærarar i norskopplæringane, og til at flyktningane ikkje får opplæring. Det er ikkje slik me skal ta imot folk. Framlegget er særs dårleg.
Likeins inneheld høyringsframlegget forslag om at friviljuge organisasjonar skal gje opplæring, utan noko form for kvalifikasjonskrav eller krav til innhald. Det er urealistisk. Dei færraste stader i landet har store nok friviljuge organisasjonar til å kunna gje opplæring på dagtid, og det er heilt tilfeldig kva kvalifikasjonar friviljuge har. Det vil vera ei stor ulempe for flyktningane å få opplæring av tilfeldig kvalitet og mengd, slik høyringsframlegget legg opp til. Framlegget er òg ulogisk all den tid det finst kvalifiserte norskopplæringar i heile landet.
Eg vurderer at kommunane og norskopplæringane har høve til å gje kvalifisert opplæring snøgt, dersom dei får ressursar til å gjera det. Eg føreslår difor at retten til norskopplæring blir som no, og at norskopplæringstilskotet fylgjer med frå busetjing, slik som no.
Framlegg 2 inneheld òg sterkt nedsette krav til innhald og tidsfrist for opplæring, og vil dermed gje eit så dårleg tilbod til flyktningane at framlegget bør skrotast utan vidare.