🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av sluttrapport fra rammeplangruppa for barnehagelærerutdanningen

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar til sluttrapport til rammeplangruppa for barnehagelærarutdanninga

Noregs Mållag har lese sluttrapporten til rammeplangruppa for barnehagelærarutdanninga og har desse merknadene. Rammeplangruppa har vurdert gjeldande rammeplan der dei særleg dreg fram ulike tema som skal vera gjennomgåande i utdanninga. Me kommenterer einast dei delane og emna som råkar vilkåra for dei barna i barnehagen som skal ha nynorsk som opplæringsmål. Me kjem òg med framlegg til konkrete tillegg til forskrifta.

1. Manglande opplæring i og om nynorsk i barnehagelærarutdanning undergrev vilkåra for ein god nynorskskule.

I barnehagelova § 2a Plikt til å samarbeide med skolen om overgangen frå barnehage til skole , heiter det at barnehagen skal samarbeida med skulen om bornas overgang frå barnehage til skule. Føremålet er at ‘Samarbeidet skal bidra til at barna får en trygg og god overgang. Opplæringslova har ein identisk paragraf, 13-5.

I gjeldande forskrift, §2 læringsutbytte, under kompetanse heiter det om kandidaten at han eller ho

- har bred kunnskap om barns språkutvikling, flerspråklighet, sosiale, fysiske og skapende utvikling og gryende digitale-, lese-, skrive- og matematikkferdigheter

- mestrer norsk språk, både bokmål og nynorsk på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng.

Me vil i det som fylgjer, visa at dagens forskrift og dermed dagens utdanning av nye barnehagelærarar ikkje kvalifiserer dei til å gje barnehageborn som skal byrja på ein nynorskskule, det møtet med og innføringa i språk som dei treng.

Noregs Mållag har sidan 2014 gjennomført årvisse vitjingar i dei aller fleste nynorskkommunane i Noreg. På desse kommunevitjingane har me vore i godt over 100 barnehagar der opplæringsmålet i skulen er nynorsk. Felles for desse barnehagane er at det ikkje er ein samanheng mellom språket ein møter, syng, les og leikar på i barnehagen og opplæringsspråket i skulen. I samtalar med styrarar og barnehagelærarar i desse barnehagane kjem det fram at dei ikkje på noko som helst tidspunkt har tematisert at barnehagane skal førebu borna og foreldra deira på at borna skal verta nynorskelevar, t.d. gjennom val av songar, høgtlesingsbøker og andre språkstimuleringstiltak . Svært få barnehagelærarutdanningar tematiserer dette.

Noregs Mållag ynskjer ikkje at barnehagen skal verta ein skule der borna vert målte og vurderte i ‘kompetansar’. Barnehagen skal framleis vera prega av leik og moro, av utforsking og læring gjennom deltaking. Like fullt er denne leiken og moroa også læring . Borna tek med seg dei røynslene dei får gjennom leik og andre aktivitetar, som grunnlag for å byrja på skulen . Det store skiljet i språklæringa mellom barnehagar og nynorske barneskular sikrar ikkje, slik lova krev, ein trygg og god overgang frå barnehage til barneskule .

I 2016 og 2020 gjennomførte Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) gransking om bruk av nynorsk i barnehagane i nynorskkommunar. Granskinga i 2020 viste at det har vore ein nedgang i bruk av nynorsk, sjå Nynorske barnehagar les og syng framleis mest på bokmål - Pirion

Prisen for ei manglande utdanning i dette emnet, betalar borna: På Oltedal skule var det 9. september rådgjevande folkerøysting om hovudmålet ved skulen. Noregs Mållag hadde møte med skulen i april same år og der orienterte rektor ved skulen at dei fyrste 4–6 månadene i 1. klasse driv me med avlæring av elevane : Borna identifiserer seg med ‘jeg’ og ‘ikke’ etter å ha vortne tungt førte inn i bokmål skriftkultur fire–fem år før dei byrjar på skulen . Det fører til ekstra pedagogiske utfordringar for elevane og for lærarane. Og for foreldra: Dei foreldra som hadde teke initiativ til å endra opplæringsmålet på skulen, viste m.a. til den store skilnaden i språklæringa mellom barnehage og barneskule. Borna var sungne, lesne og leika tungt inn i den bokmålske skriftkulturen, medan så vel borna som foreldra var nokså ukjende med nynorsk skriftkultur.

- Dette er ein situasjon me kjenner att frå slike rådgjevande folkerøystingar sidan 2000. Såleis får dagens utdanning av barnehagelærarar jamvel alvorlege språkpolitiske fylgjer.

- Dette er stoda på hundrevis av barnehagar der det går born som skal byrja på nynorskskule.

Difor må den nye rammeplanen kvalifisera kandidaten til å ‘mestre norsk språk, bokmål og nynorsk i en profesjonssammenheng’.

På dette grunnlaget kjem me med framlegg om tillegg til forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanninga (norsk BLU) . Nytt strekpunkt 5 i § 2 læringsutbytte under generell kompetanse :

- er i stand til å forberede barna til å starte med både nynorsk og bokmål som hovedmål i barneskolen

§ 5 fritaksbestemmelser (norsk, BLU)

I andre ledd i paragrafen heiter det at

- Det kan gis fritak fra prøve i en av målformene for studenter som ikke har vurdering i begge målformer i norsk fra videregående opplæring. Tilsvarende fritaksregler gjelder for utenlandske studenter som ikke har videregående opplæring fra Norge.

Denne regelen undergrev grunnlaget for norsk språkpolitikk slik denne er heimla m.a. i språklova. Sidan 1885 har det vore knesett at bokmål og nynorsk er jamstelte nasjonalmål i Noreg. Fordi denne jamstellinga aldri har vore reell og fordi det er asymmetrisk makttilhøve mellom språka, er det mest utan unnatak nynorsk som er den målforma ‘det kan gis fritak frå prøve i’.

Dette opnar for at born som skal førebuast til å starta på ein nynorskskule, kan få ferdigutdanna barnehagelærarar som ikkje er i stand til å gje borna ein ‘trygg og god overgang frå barnehage til barneskule’, jf. barnehagelov og opplæringslova.

Heller enn å halda fram med ei lov som bryt med grunnleggjande norsk språkpolitikk, bør lova snevra inn høvet til å sleppa dokumentera at ein meistrar båe språka godt nok til å bruka dei i ein profesjonssamanheng.

Framlegg til endring i andre ledd i § 5, fritaksbestemmelser:

- Det kan gis fritak fra prøve i en av målformene for studenter som ikke har hatt opplæring i begge skriftspråkene i norsk fra vidergående opplæring. Alle kandidater skal gjennomføre samme utdanning som kvalifiserer dem til å forberede barn til å starte med nynorsk eller bokmål som hovedmål i barneskolen. Tilsvarende fritaksregler gjelder for utenlandske studenter som ikke har videregående opplæring fra Norge.