Som lektor i vidaregåande skule har eg sjeldan kjent meg så lite verdsett og respektert for min profesjon, mitt arbeid og min plass i samfunnet som eg gjorde ved annonseringa av denne eksamensavlysinga. I mine auge finst der ikkje eitt einaste haldbart argument for å avlyse munnleg eksamen, og dei argumenta som vart nytta for å avlyse skriftleg var heller ikkje på langt nær tungtvegande nok. Her hadde ein unike sjansar til samanlikningsgrunnlag i forskingsmateriale på kva slags effekt pandemien faktisk har hatt (og ikkje berre er basert på synsing som det verkar som har vore det einaste grunnlaget til no). Dette var siste kullet som går ut med denne læreplanen, neste år er ikkje samanlikningsgrunnlaget det same.
Det er ingenting i livet som er heilt rettferdig. Ulikheiter vil der alltid vere av ulike grunnar. Dette må elevar lære seg å takle. Alle burde vore gjennom eksamen i norsk hovudmål. Det skulle i utgangspunktet vere mykje lettare for alle elevar enn for dei som må ta faget som privatist, som faktisk skal gjennomføre eksamen. I staden for populistisk medjatting med Elevorganisasjonen, skulle departementet i mykje større grad ha lytta til lærarar og lektorar som har gjort ein jamt god jobb i heile år, og i fjor og for den del, og forstår at det ikkje er nokon grunn til å seie at elevane har fått eit dårleg tilbod og manglande undervising, men at ein del av dei ‘på grunn av symptom’ nok har nytta sjansen til å sluntre unna i mykje større grad enn dei elles ville gjort fordi det ikkje førte til konsekvensar på fråværet deira, og no heller ikkje på noko eksamensresultat. Slike folk er det tydelegvis Norge treng snublande ut i vaksenlivet. Samfunnets støtter som varm gele utan ei einaste malgjevande form. Er dette dei nye grunnpilarane vi vil ha?