🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Gjennomføring av eksamen våren 2022 og midlertidige tilpasninger i fag- o...

Utdanningsforbundet

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå Utdanningsforbundet – Forslag til endringar i mellombels forskrift om tilpassingar i reglane som følgje av covid 19

Gjennomføring av eksamen våren 2022 og mellombelse tilpassingar i fag- og timefordelinga skuleåret 2020-21.

Kunnskapsdepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med forslag om tilpassingar i reglane for barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring som følge av covid-19. I høyringsnotatet foreslår departementet å avlyse ordinær eleveksamen i grunnskulen og vidaregåande skule våren 2022. Departementet foreslår også at dei same reglane som ga dispensasjon frå krava til vitnemål på grunn av avlyst eksamen i 2020 og 2021, skal gjelde dette skuleåret. I tillegg spør departementet om dei bør opne for tilpassingar i fag- og timefordelinga og i kompetansemåla der det er naudsynt av omsyn til smittevernet.

Bør Kunnskapsdepartementet avlyse eksamen for elevar våren 2022?

Sentralstyret i Utdanningsforbundet har handsama spørsmålet om avlysing av eksamen. Etter å ha innhenta synspunkt frå heile organisasjonen, landa Sentralstyret på denne fråsegna:

Utdanningsforbundet meiner eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga i skulen. Eksamen utfyller standpunktvurderinga. Eksamen bidrar også til å utvikle vurderingskompetansen til lærarprofesjonen, og han gir elevane erfaringar dei har nytte av i det vidare opplæringsløpet sitt. Det skal sitje langt inne å avlyse eksamen. Dessverre har tre år med pandemiskule skapt uvisse om det er fagleg forsvarleg og praktisk mogleg å gjennomføre eksamen våren 2022. Sjølv om vi helst skulle ønske at det var forsvarleg å avvikle eksamen som normalt, forstår vi regjeringa om ho landar på at avlysing av sentralt gitt og lokalt gitt eksamen er nødvendig i år.

Når regjeringa skal fatte ei endeleg avgjerd, er det naturleg at dei vurderer om det er fagleg forsvarleg og praktisk mogleg å gjennomføre enkelte eksamenar på enkelte årssteg, eksempelvis éin skriftleg eksamen for avgangselevane på vg3 studieførebuande eller lokalt gitt munnleg, munnleg-praktisk og tverrfagleg praktisk eksamen. Samtidig ønsker vi å understreke at Utdanningsdirektoratet har gitt ein grundig analyse av risikoen ved å gjennomføre eksamen dette skuleåret. Når regjeringa skal fatte den endelege avgjerda, bør denne analysen vege tungt.

Vi oppmodar regjeringa til å fatte ei rask avgjerd som i størst mogleg grad bidrar til ro og ein føreseieleg situasjon for leiarar, lærarar og elevar.

Fråsegna frå Sentralstyret i Utdanningsforbundet er eit dekkande svar på spørsmålet om Kunnskapsdepartementet bør avlyse eleveksamen våren 2022. Kort samanfatta skulle Utdanningsforbundet ønske det var mogleg å gjennomføre eksamen som normal denne våren, alternativt at det hadde vore mogleg å gjennomføre ein sentralt gitt eksamen og ein lokalt gitt munnleg eksamen for avgangselevane. Samstundes tek vi på stort alvor at tre år med pandemiskule har hatt påverka opplæringa for mange elevar og skapt reell uvisse om det er forsvarleg og rettferdig å gjennomføre eksamen for elevar i det heile. Vi ser også at avlyst eksamen kan gi meir tid til opplæring for elevar som har mista mykje undervisning. På bakgrunn av dette forstår vi at Kunnskapsdepartementet tilrår å avlyse eksamen for elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i år.

Bør dei dei same forskriftsendringane som gjaldt ved avlysing av eksamen i 2020 og 2021 også gjelde våren 2022?

Om eksamen for elevar blir avlyst dette skuleåret, meiner Utdanningsforbundet at dei same forskriftsendringane som i 2020 og 2021 bør gjelde. Vi meiner hovudregelen om at standpunktkarakteren skal settast på slutten av opplæringa, er tilstrekkeleg så lenge han blir følgt opp av ei klar og tydeleg kommunisert forventning til skulane om at karakteren skal bli sett så seint som mogleg.

Bør dei same reglane for avvik frå fag- og timefordelinga og kompetansemåla også gjelde våren 2022?

Dette er eit komplisert spørsmål. Gjennom pandemien har Utdanningsforbundet sett at lærarane har fått eit tungt ansvar med å sikre at elevane lærer som normalt i ein situasjon som har vore alt anna enn normal. På generelt grunnlag meiner vi at sentrale styresmakter i dei verste fasane av pandemien burde vurdert å tilpasse ambisjonane for opplæringa til realitetane ute i skulen. Eit slikt grep kunne tatt noko av det tyngste ansvaret av skuldra til lærarar og skuleleiarar. I tillegg kunne det bidratt til felles prioriteringar i ei pressa tid, noko som kunne gjort det enklare å ivareta god opplæring for elevane.

No er vi langt ute i det tredje pandemiskuleåret. Utviklinga har vore positiv ei stund, og det er god grunn til å håpe at opplæringa skal bli mindre påverka av pandemien i tida framover. Det verker lite tenleg å gjere nasjonale justeringar i fag- og timefordelinga og kompetansemåla på dette tidspunktet.

Opninga for å avvike fag- og timefordelinga og kompetansemåla i covid19-forskrifta for skulen er noko litt anna. Dette er ikkje nasjonale justeringar av omfang og ambisjonar, men ein moglegheit for kommunar og fylkeskommunar til å gi elevane færre timar enn vanleg og til å droppe nokre kompetansemål. Utdanningsforbundet meiner det er all grunn til å vere varsam med å opne for lokale avvik i fag- og timefordeling og kompetansemål. Vi ser like fullt at slike avvik kan vere tvingande nødvendige i nokre tilfelle. Vi ønsker å understreke at avvik frå kompetansemåla og fag- og timefordelinga berre må skje unntaksvis, og det bør gjelde tydelege og strenge vilkår.

Utdanningsforbundet meiner vilkåra som gjaldt dei to føregåande skuleåra er eit godt utgangspunkt i fall departementet meiner det er nødvendig å opne for dei same avvika i år også. Departementet bør vurdere å oppdatere formuleringane i vilkåra slik at dei passar betre til pandemien sånn han artar seg no. For eksempel er det ikkje manglande tilgang på lokale og utstyr som er den verste trusselen mot opplæringa dette skuleåret, men snarare at den eksisterande lærarmangelen har blitt kraftig forsterka på grunn av stort sjukefråvær.

Økonomiske og administrative konsekvensar

I høyringsnotatet skriv Kunnskapsdepartementet at meir- og mindreutgifter som følgje av avlyst eksamen vil inngå i grunnlaget for å vurdere kompensasjon til kommunesektoren på grunn av pandemien. Utdanningsforbundet meiner det bra at departementet gjer grundige vurderingar av kostnadane ved avlyst eksamen. Samstundes vil vi understreke at utgangspunktet for denne vurderinga må vere at elevane skal få best mogleg opplæring. Eit viktig siktemål ved avlysing av eksamen er at skulen skal få tid og rom til å gi elevane meir opplæring denne våren. Da er det avgjerande viktig at skulane har ressursane dei treng for å lukkast med det.

Utdanningsforbundet meiner det er viktig å ta høgde for dei faktiske kostnadene ved å gi elevane forsterka opplæring. Vi vil peike spesielt på to faktorar som kan vere kostnadskrevjande for skulane. For det første vil høgt sjukefråvær krevje at skulane har ressursar til å sette inn vikarar når det trengs. For det andre er det viktig å vere merksam på at nokre ungdomsskular og spesielt vidaregåande skular planlegg for at lærarane skal ha mindre undervisning i mai og juni på grunn av eksamensgjennomføringa. Viss eksamen blir avlyst og lærarane likevel skal undervise for fullt i perioden, kan enkelte lærarar allereie ha hatt så mange undervisningstimar tidlegare i året at dei ikkje har nok undervisningstimar igjen til å gi forsterka opplæring for elevane. Det vil seie at skulane må ha ressursar tilgjengeleg for at lærarane kan undervise ekstra, også når fører til overtidsgodtgjering.

Det har vore snakka mykje om alvorleg læringstap for elevane under pandemien, og at dette tapet må bli kompensert. Slik Utdanningsforbundet vurderer det, er forsterka opplæring på slutten av skuleåret ei av dei beste moglegheitene vi har for at elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule kan få kompensert for pandemiperioden. Medlemmene våre har peika på at dei brukte denne perioden i fjor til å hjelpe elevar som hadde vore spesielt utsette under pandemien og som treng ekstra oppfølging. Parr-rapporten peikar også på at ei avlysing av eksamen kan gi moglegheit for å kompensere for tapt opplæring. No er det viktig at sentrale styresmakter legg så godt som mogleg til rette for at det kan skje, og at ikkje manglande ressursar torpederer det siktemålet det er så brei semje om.