Dato: 25.11.2025 Svartype: Med merknad Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget i høyringa då dette støttar opp under arbeidet skulane kan gjere for å styrke nynorsk og bokmål. Viser mellom anna til Skulespråksplanen til Møre og Romsdal fylkeskommunen der det vert oppfordra til å bruke nynorsk i fleire fag enn norskfaget. Vi meiner også at forslaget styrkar metodefridomen til lærarane. Såkalla randsone-skolar vil få større rom for bruk av nynorsk med dette forslaget. Forslaget kan bidra til å oppretthalde nynorsken sin posisjon og gir fylkeskommunane større handlingsrom og bidreg til å redusere administrativt arbeid. Samstundes er det viktig å sikre at nynorsk framleis blir fremja i tråd med offentlege språkpolitiske mål. Møre og Romsdal fylkeskommune vil understreke at lovendringane ikkje må undergrave innhaldet i § 6-1 i opplæringslova om at elevane skal ha opplæring i både bokmål og nynorsk, og at elevane sjølve vel hovudmål og kva skriftspråk dei vil ha læremidla sine på. Møre og Romsdal fylkeskommune viser til språklova § 1, som slår fast at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minste av språka. Nynorsk er under press i mange randsoner, og overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule er sårbar for at elevar skiftar hovudmål meir av ytre press enn eigen vilje. Nedlegging av vidaregåande skular i distrikta forsterkar denne utfordringa. Val av hovudmål ved dei vidaregåande skulane må difor tilpassast lokale og regionale tilhøve, gjerne i samsvar med administrasjonsspråket i vertskommunen eller kommunane som soknar til skulen, og ikkje på ein måte der fylkeskommunen kan påleggje alle skulane i fylket det same hovudmålet uavhengig av lokale forhold. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen