🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Endringer i lov om hundehold - Hundeloven

Hardangervidda Grunneigarsamskipnad (HG)

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
HARDANGERVIDDA GRUNNEIGARSAMSKIPNAD (HG)

c/o Nils Bjørn Vistad, tlf.90033113, nbjoer-v@online no

Til Landbruks- og Matdepartementet

HØYRINGSSVAR PÅ ENDRINGSFRAMLEGG I HUNDELOVA

Vi viser til departementet sitt høyringsbrev av 01.09.2021 om endring i lov om hundehald (hundelova). Hardangervidda Grunneigarsamskipnad organiserer dei private grunneigerane på Hardangervidda på meir enn 3600 km2. Mykje av dette er aktuelt rypeterreng.

Der er mange mindre og større endringsframlegg, men vi vil avgrense dette høyringssvaret til bare å kommentere endringsframlegg i §8 om "Særlig om hundedressur, jakt og fangst". Det er fyrste avsnitt som er aktuelt. I gjeldande lov er det slått fast at jakthundtrening, jakthundprøver og dressur krev privatrettsleg samtykke frå grunneigar/bruksretthavar. Dette vil ein nå begrense til kun å gjelde "organisert" verksemd. Ein begrunnar det med at gjeldande lov er "uklar" og at ein vil endre for å bli meir "presis".

Faktum er vel at ein nå oppnår det motsette ved at det blir opna for individuell frihet,- særleg innan jakthundtrening/dressur. Det ligg i sakens natur at jakthundprøver alltid vil vera organisert. Etter nytt lovframlegg vil einkvar kunne drive aktiv jakthundtrening under dekke av at det er "lufting av hunden"! I praksis opnar dette for at eit uavgrensa antal private jegerar med hund, kan reise til fjells og drive faktisk jakthundtrening over alle arealer.

Vi vil oppmode Landbruks- og Matdepartementet om å sjå på dette momentet og freiste finne fram til ein klarare tekst, slik at reell jakthundtrening framleis skal kreve samtykke frå berørt grunneigar/bruksretthavar.

HARDANGERVIDDA GGRUNNEIGARSAMSKIPNAD (HG)

Odd Gunnar Vikan, leiar Nils Bjørn Vistad, sekretær