🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til ny forskrift om forbud mot salg av energidrikk til barn und...

UiT-norges arktiske universitet, Institutt for samfunnsmedisin, instituttleder

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner

Aldersgrense for kjøp av energidrikk – bør den vere 16 eller 18 år?

ISM har diskutert om aldersgrensa for kjøp og sal av energidrikk bør vere 16 eller 18 år. Vi har teke utgangspunkt i Stortinget sitt oppmodningsvedtak til regjeringa om å innføre 16-års aldersgrense for kjøp og sal av energidrikk, som ei oppfølging av Folkehelsemeldinga. 16-åringar har større mogenheit samanlikna med yngre barn og unge, slik at dei i større grad sjølve kan vurdere helsemessige konsekvensar av eit eventuelt inntak av energidrikk. Dei har òg noko høgare gjennomsnittsvekt, slik at dei uheldige eller negative helseeffektane av koffeininntak vil bli noko mindre enn for yngre barn ved same forbruksmønster.

I 2022 var gjennomsnittleg debutalder for inntak av energidrikk 13 år (jf. høyringsutkastet, s. 11). Både kor stor del og kor ofte unge drikk energidrikk har auka i tidsperioden 2017–2023, spesielt frå 2019 (FHI, 2023). Ved å utsetje debutalderen for energidrikk til 16 år, kan ein forhåpentlegvis både redusere totalkonsum, fysiologisk avhengnad av koffein og mogelege uheldige eller negative helseeffektar av eit for høgt koffeininntak hos barn og unge.

ISM har allereie støtta eit forbod mot marknadsføring av visse næringsmiddel retta mot barn og unge under 18 år. Forhåpentlegvis vil dette òg verne 16–18-åringar mot marknadsføring av energidrikk.

Dersom innføringa av eit forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år ikkje har den ønska effekten på forbruket av energidrikk hos barn og unge, meiner ISM at helsemyndigheitene på sikt bør vurdere om aldersgrensa skal aukast til 18 år.