🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – forlengelse av midlertidig lov om tilpasninger i prosessregelverket som...

Sogn og Fjordane jordskifterett

Departement: Beredskapsdepartementet 1 seksjoner
Det vert vist til departementet sitt brev av 17.09.2021 om forlenging av "Midlertidig lov om tilpasninger i prosessregelverket som følge av utbruddet av Covid-19".

Sogn og Fjordane jordskifterett meiner det er føremålstenleg å forlenge lova til 01.07.2022 slik departementet foreslår.

Sogn og Fjordane jordskifterett har positive erfaringar med utvida bruk av skrifteleg handsaming av jordskiftesaker. Det er også vårt inntrykk at involverte partar ikkje har hatt innvendingar til å handsame mindre og enklare saker på denne måten. Også i større jordskiftesaker vil eit auka innslag av skrifteleg handsaming medverke til betre prosesseffektivitet utan at det går utover rettstryggleiken til partane.

På dette grunnlag meiner Sogn og Fjordane jordskifterett det vil vere føremålstenleg å gjere dei midlertidige ordningane som gjeld for jordskiftesaker permanente.

Sogn og Fjordane jordskifterett vil vidare nemne at erfaringane med e-signatur og e-forkynning er positive, og vil vere føretrekte løysingar framover.

Annlaug H. Kjelstad jordskifterettsleiar Sogn og Fjordane jordskifterett