🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Forslag om endringer i opplæringslovens regler om skriftlig hovedmål ved ...

Odd Bendik Melve

Departement: Familiedepartementet
Dato: 27.11.2025 Svartype: Med merknad Ikkje øydelegg profesjonsfridomen! Som lærar i den vidaregåande skulen, så vil eg av fleire grunnar gje høyringstilbakemelding på dette endringsforslaget, som i beste fall er svakt grunngjeve og venstrehandsarbeid. Eg vil behalda den lovtolkinga me har i dag, det er det beste for elevane, dei tilsette og den vidaregåande skulen som samfunns-etat. Det bør vera opp til lærarane på studiespesialiserande å nytta den målforma som dei handterer best. Å gå inn og detaljstyra kva målform dei einskilde skulane skal ha som undervisningsspråk er feil bruk av pengar, energi og ikkje minst ei inngripen i lærarane sin fridom til å utøva yrket sitt. Det er uproblematisk i dag å t.d. gje skriftleg informasjon til elevar som er friteke frå sidemål på deira hovudmål, like eins til elevar på yrkesfag som ikkje har sidemål i undervisninga. Eg forstår ikkje kva motivasjonen til denne endringa skal vera, kven det er som har etterspurt den og kvifor departement og direktorat nyttar så mykje energi og pengar på dette, all den tid tilbakemeldingane i høyringsnotatet var tydeleg negative. Departementet dristar seg til å konkludera med «[…] kan det stilles spørsmål ved om det er hensiktsmessig å kreve at fylkeskommunen velger enten bokmål eller nynorsk som hovedmål for den enkelte skole ». NEI, det er ikkje hensiktsmessig. Den fridomen som lærarane har i klasserommet burde bli betre verna, og dette er eit av dei aspekta som gjev lærarane fridom. For elevane, så vil det at læraren nyttar det skriftspråket dei meistrar best, vera eit absolutt pluss og for mange så vil det nok vera det beste forma for autentisk språkbruk dei er borti som elevar. Som Ivar Aasen sa: If it aint broke, don’t fix it ! La oss lærarar ta hand om klasserommet, tavla og undervisninga – ikkje påfør oss endringar som vil gå ut over den fridomen me har i vår yrkesutøving. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"