🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag til endringer i forskrift om valg til Stortinget, fylkesting og...

Gulen kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 09.06.2025 Svartype: Med merknad Gulen kommune har følgjande høyringsuttale til forslag om endringar i valforskrifta: Gulen kommune støtter Kommunal- og distriktsdepartementet sitt forslag om å begrense funksjonalitet og datatrafikk på maskiner som har tilgang til det elektroniske valgjennomføringssystemet (EVA), samt forskriftsfeste krav om programvare for monitorering for datamaskiner brukt til EVA skanning. Endringa knytt til krav om personleg pålogging på maskin støtter vi ikkje og ber om at dette vert valfritt og ikkje forskriftsfesta. Vi forstår at departementet ønskjer å følgje NSM sine grunnprinsipp om unike personlege brukarar ved maskinpålogging, men dette bør gjelde for brukarar som treng pålogging over ein periode av ein viss storleik. Brukar som berre treng tilgang til maskina på valdagen, bør unntakast dette prinsippet. Kommunen ber om at vert gjort unntak frå NSM sine grunnprinsipp ved valgjennomføringar, då andre sikkerheitskrav begrensar potensiell sikkerheitstrussel og manuelle kontrollmetodar ivaretek denne type sporing av utru tenarar. Innføring av personleg pålogging har marginal nytteeffekt i høve til sikkerheit, og vi kan ikkje sjå at dei positive verknadene av dette er større enn dei negative, jamfør 3.2.1 i høyringsnotatet. Tiltaket kjem i tillegg seint i prosessen og fører til vansker med implementeringa. T.d. oppsett for valpcar, som allereie er i bruk må endrast. Ei forskriftsfesting vil gje kommunen auka sårbarheit knytt til pålogging for valmedarbeidarar, kompliserer valgjennomføringa og auka ressursbehov. Høyringssuttale vedteke i Gulen Valstyre 05.06.2025 Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"