Dato: 06.06.2025 Svartype: Med merknad Sveio kommune kommune har følgande høyringsuttale til forslag om endringar i valforskrifta: Sveio kommune støtter Kommunal- og distriktsdepartementet sitt forslag om å avgrensa funksjonalitet og datatrafikk på maskinar som har tilgang til det elektroniske valadministrasjonssystemet (EVA), og om å forskriftsfesta krav om programvare for monitorering for datamaskinar brukt til EVA skanning. Endringa knytt til krav om personleg pålogging på maskin støtter me derimot ikkje og me ber om at dette blir valfritt og ikkje forskriftsfesta. Me forstår at departementet ønsker å følga NSM sine grunnprinsipp om unike personlege brukarar ved maskinpålogging, men dette bør gjelda for brukarar som treng pålogging over ein periode av ein viss varigheit. Brukar som berre treng tilgang til maskinen på valdagen bør unntakast dette prinsippet. Sveio kommune ber om at det blir gjort unntak frå NSM sine grunnprinsipp ved valgjennomføringar, då andre sikkerheitskrav og manuelle kontrollmetodar avgrensar potensielle sikkerheitstruslar. Innføring av personleg pålogging har marginal nytteeffekt for sikkerheit så lenge andre sikkerheitstiltak er innførte, og me kan ikkje sjå at dei positive verknadene av dette er større enn dei negative, jf. pkt. 3.2.1 i høyringsnotatet. Tiltaket kjem i tillegg seint i prosessen og fører til vanskar med implementeringa. F.eks. må oppsettet for valmaskinar som allereie er i bruk endrast. (Valansvarlege har for lengst tatt i bruk maskinar for bl.a. å legga inn grunnlagsdata i EVA i tråd med lovbestemt frist.) Ei forskriftsfesting vil gi kommunane auka ufordringar knytt til pålogging for valmedarbeidarar, vil komplisera valgjennomføringa og gi auka ressursbehov. Sveio kommune inngår i eit IKT-samarbeid med bl.a. Austrheim, Fedje og Modalen kommuanar, som òg har levert høyringsuttalar, og me støtter innhaldet i desse. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"