Møre og Romsdal fylkeskommune takkar for moglegheita til å svare på denne høyringa.
Vi meiner at EU har gjort eit ambisiøst og godt arbeid.
VI ser at for elektrisitet for lette køyretøy, så vil det vere eit krav om ladeinfrastruktur kvar 60 km langs TEN-T kjernenettverket innan utgangen av 2025. Tilsvarande krav om ladeinfrastruktur kvar 60 km for det «omfattande» (comprehensive) TEN-T nettverket er innan utgangen av 2030.
Vi ber om at samferdselsdepartementet vurderer om dei utgreiingane som er gjort for å sette avstanden til 60 km vil vere tilstrekkelege for norske forhold og topografi.
Samtidig kan de vurdere om kravet om infrastruktur frå år 2030 er tilstrekkeleg som krav for det omfattande nettverket.
Det kan også vere ein fordel om det blir utvikla «energistasjonar», med tilgang til ulike typar drivstoff, i staden for ulike punkt for ulikt drivstoff.
I revisjonen av direktivet ser det ut til å vere mest fokus på kva rolle det offentlege har i dette arbeidet.
Det står at revidert nasjonalt rammeverk må inkludere støtte til å utvikle marknaden for alternativt drivstoff, inkludert infrastruktur, i nært samarbeid med lokale myndigheiter og næringa.
Vi ber om at SD også vurderer om rolledeling mellom offentlege og kommersielle aktørar er godt nok analysert i arbeidet med infrastruktur for alternativt drivstoff (punkt 38, samt punkt 41, s. 23).
Dette høyringssvaret er utarbeidd frå administrasjonen, og har ikkje vore handsama politisk.