Nærmere begrunnelse – sitert fra høringsuttalelsen til Time kommune:
«Kontinuitet og ein kjend og trygg relasjon er to viktige føresetnader for gode allmennlegetenester. Dette er kunnskap som er erfart gjennom mange tiår i allmennmedisinske fagmiljø, og nyleg forsking har vist at kontinuitet i lege-pasientforholdet reduserer bruk av legevakt, behov for sjukehusinnlegging og dødelegheit*. Ein nettlege utan kjennskap til pasienten vil ikkje ha moglegheit til å kunna gi gode allmennlegetenester. Faren for overdiagnostikk og overbehandling vil vera svært stor, noko som kan vera skadeleg for pasienten, og som dessutan vil medføra unødvendige kostnader i eit elles pressa helsevesen, jf. kampanjen Gjør kloke valg, som Legeforeningen og fleire andre yrkesforeiningar støttar, jf. https://www.legeforeningen.no/kloke-valg/. I tillegg er digitale vurderingar vanskelege, og dei krev høg allmennmedisinsk kompetanse. Det er derfor stor risiko for feilvurderingar, særleg når nettlegen er relativt uerfaren og berre har gjennomført LIS1-teneste, som høyringsnotatet legg opp til. Norske allmennlegar tilbyr allereie mange digitale tenester, og regjeringa legg dessutan opp til at alle fastlegar skal tilby digital timebestilling og konsultasjon framover. Innbyggarane vil dermed allereie ha tilbod om digital kontakt med fastlegen utan ei eiga nettlegeordning på sida av fastlegeordninga. Det er fornuftig at fastlegen hastegradsvurderer digitale førespurnader for at pasientar skal få rask hjelp når det hastar. Konsekvensen av dette er at det tek litt lengre tid å få time når det ikkje hastar. Høyringsforslaget legg opp til at pasienten skal kunna velja ei alternativ løysing dersom han sjølv meiner han ikkje får time raskt nok. Me meiner dette skaper uheldige forventningar i befolkninga som vil vera krevjande å oppfylla, sjølv for Norge, som ligg på verdstoppen i tal på legar per innbyggar. Rimeleg ventetid for problemstillingar som ikkje hastar, bør ikkje kommuniserast som eit problem overfor befolkninga, men heller som eit teikn på kvalitet sidan det gjer at ein får rask hjelp når det verkeleg hastar. Brukarperspektivet er heilt klart svært viktig i utvikling av helsetenester, og delar av befolkninga kan gjerne ønska seg stadig meir tilgjengelege legetenester. Samtidig er det solide medisinske haldepunkt for at lettare tilgang ikkje nødvendigvis gir auka helsegevinst, men tvert imot stor risiko for overforbruk med overdiagnostikk og overbehandling. Auka tilgjengelegheit skaper auka etterspurnad utan at det føreligg noko reelt medisinsk behov, og dette fører til ei uheldig medikalisering av kvardagsplager og kvardagsfenomen. For lett tilgjengelege helsetenester vil derfor vera ei bjørneteneste for pasienten, som vert meir avhengig av helsevesenet og mindre i stand til å meistra helsa si, det motsette som me prøver å oppnå i ei fagleg solid allmennlegeteneste. Det er svært prisverdig av departementet å prøva å motverka ei todeling av helsetenesta, men å kopiera den heilprivate modellen med nettlege, som oftast gir liten helsegevinst, vil innebera svært dårleg ressursbruk. Ei nettlegeordning vil verta nytta mest av unge, relativt friske pasientar og i praksis dra ressursar vekk frå dei pasientane som treng det mest, altså det motsette av prinsippet om å gi likeverdige tenester. Ordninga vil tiltrekka seg unge legar som ønsker seg fleksible arbeidsordningar utan vaktbelastning, og dette vil gå på bekostning av rekrutteringa i fastlegetenesta. I staden for ordninga med nettlege bør ein fokusera på tiltak for å halda på kompetente legar i fastlegetenesta. Det vil sikra gode allmennlegetenester for heile befolkninga.»
Referanse « * Hogne Sandvik, Øystein Hetlevik, Jesper Blinkenberg, Steinar Hunskaar (2022): Continuity in general practice as predictor of mortality, acute hospitalisation, and use of out-of-hours care: a registry-based observational study in Norway. British Journal of General Practice 72 (715): e84-e90. DOI: https://doi.org/10.3399/BJGP.2021.0340»
Referanse « * Hogne Sandvik, Øystein Hetlevik, Jesper Blinkenberg, Steinar Hunskaar (2022): Continuity in general practice as predictor of mortality, acute hospitalisation, and use of out-of-hours care: a registry-based observational study in Norway. British Journal of General Practice 72 (715): e84-e90. DOI: https://doi.org/10.3399/BJGP.2021.0340»