Uttale frå Hjelmeland kommune til forslag om endring i grunnrenteskatten for vasskraft
Det vert vist til forslag frå Finansdepartementet om endringar i grunnrenteskatten for vasskraft, med høyringsfrist 4. august.
Me vil først kommentere at tidspunktet for høyringa gjer at mange kommunar ikkje får tid til ei skikkeleg behandling av forslaget.
Til dette kjem også at det ikkje er gjort tilstrekkeleg utgreiing av forslaget sine konsekvensar for kommuneøkonomien. Hjelmeland kommune støttar Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) si uttale til forslaget, og krev at dette vert klargjort før eventuelle endringar vert sett i kraft. Me viser også til LVK sitt forslag om å endre skattelova 18-5 for å fjerne vasskraftselskapa si adgang til å trekke grunnrenteskatten frå i grunnlaget for eigedomskatten. Dette er ein god moglegheit til å fristille grunnrenteskatten frå eigedomskatten, og dermed forhindre inntektstap for kommunane.
Bjørn Laugaland, ordførar