Dato: 01.06.2025 Svartype: Med merknad Eg er glad for at det blir gjort grundig arbeid og at det blir lagt opp til gode tiltak for at villreinen skal få det betre. Det er ingen tvil om at det er mye ferdsel i deler av området der reinen skal vera, så det er bra med ferdselstiltak. Men dykk må ikkje sjå dykk blinde på at det bare er menneske og beitedyra som begrenser levekåra for reinen. Når eg som er oppvaksen i Lesja, og har fjellet som mi leikegrind, tydeleg kan sjå at det er mykje meir rovdyr enn tidlegare, så reknar eg med at dykk ser det også? Nesten kvar gong eg ser ein villreinflokk så er det også kongeørna og havørna å sjå. Dette var ei særs sjelda syn då eg vaks opp. Ja havørn såg vi aldri. Havørn er vel ingen stor jeger enda, men dyr tilpassar seg mattilgangen! Når det gjeld kongeørna så tar den fint både reinskalvar og lam. Med mindre beitedyr i fjellet og stadig meir rovdyr, så er reknestykke enkelt for meg. Er det ikkje lam å få tak i, så er det bare å ta fleir reinskalvar for ørna. Og jerven har eg ikkje ein gong nevnt. Eg har sett jerv i fjellet fleir gonger, og far min som voks opp med å gjete husdyra i fjellet, ja han såg aldri ein jerv. Eg håpar bare at dykk vil ha eit tiltak med å redusere antal rovdyr og, for eg er redd at utan at dykk reduserer antal rovdyr så hjelp det ikkje kor lite ferdsel det blir i fjellheimen. Da er eg redd villreinen dør ut, som er det vi saman prøver å unngå. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"