Stiftelsestilsynet viser til Klima- og miljødepartementets høyringsnotat.
Stiftelsestilsynet støttar forslaget om å fjerne ordet «allmennyttig» frå forskrifta, og gjer merksam på at ordet heng igjen i overskrifta forskriftsforslaget.
Det eksisterer ikkje eit omgrep som «allmennyttig stiftelse» i stiftelseslova. Stiftelsestilsynet meiner at det er ein fordel at det ikkje vert nytta omgrep anna stad i lovgjevinga eller forskriftsverket som kan gje inntrykk av at eit slikt omgrep eksisterer. Klima- og miljøstiftelsar er heller ikkje ein eigen kategori stiftelsar etter stiftelseslova, men er ei nemning som viser til det vedtektsfesta formålet som stiftelsen skal gjennomføre.
Når det gjeld forslaget til endring av § 3 viser Stiftelsestilsynet til at rekneskapsplikt for alle stiftelsar følger av regnskapslova § 1-2 første ledd nr. 10, slik at kravet i utkastet bokstav e) som eit utgangspunkt er overflødig. Dette med mindre det er tilsikta å gje stiftelsane det gjeld plikt til og å avlegge årsberetning, noko som er valfritt for dei aller fleste stiftelsane, då dei er rekna som små foretak, jf. regnskapslova § 3-1 andre ledd. I høve utkastet til § 6 kan og nevnast at alle stiftelsar uansett har revisjonsplikt etter revisorlova § 2-1 andre ledd bokstav c).
For Stiftelsestilsynet
Jo Huus / seniorrådgjevar