🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høringsforslag - Midlertidig forskrift om tilskudd for å sikre planting av skogp...

Statsforvaltaren i Rogaland

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå Statsforvalteren i Rogaland til midlertidig forskrift om tilskudd for å sikre planting av skogplanter våren 2021

Statsforvaltaren i Rogaland er positive til tilskotsordninga. Me ser at det er hensiktsmessig å nytte opplegget frå 2020 for å kunne ta ordninga raskt i bruk. Men, dette medfører at kommunane midlertidig må løyve midlar frå NMSK-potten til skogeigarar som plantar sjølv, slik det no er skissert i § 2 i forslag til forskrift.

Me forutsett at dette er ein midlertidig bruk av NMSK-midla, og at desse tilbakeførast så raskt som mogleg for å vere disponible til andre føremål. Me meiner at det bør gå fram av det endelege forslaget er midlane er garantert tilbakeført til kommunane.

I Rogaland har mange kommunar tilskot til planting og for små skogbrukskommunar vil tilskotet utgjere ein stor del av NMSK-potten, om ikkje heile. Me oppfattar samtidig at tilskotet kjem til å gjelde juletrenæringa då me ikkje kan sjå at dei er unnateke. Kommunar med lite tømmerproduksjon men stor juletreproduksjon har vanlegvis ikkje NMSK-midlar disponible. Opplegget krev dermed omfordeling og administrasjon av NMSK-midlar internt i fylket.

Me er difor positive til å ta i bruk andre opplegg som gjer at ein unngår midlertidig bruk av kommunane sine NMSK-pott. Eksempelvis opplegget for tilskot til tettare planting og gjødsling i skog som klimatiltak, der midlane blir løyvd direkte frå ein nasjonal pott administrert av Landbruksdirektoratet.

Andre ledd i § 2 i forslag til forskrift seier at for plantearbeid utført av skogeigar sjølv skal tilskot dekkast gjennom ordninga som følger av NMSK-forskrifta. I høyringsbrevet er ordlyden at kommunane kan utbetale tilskot gjennom NMSK. Det er gunstig om endeleg forskrift og ein eventuell rettleiar samsvarar på dette punktet, sjølv om forskrifta gir den endelege føringa.