Dato: 30.04.2021 Svartype: Med merknad Høyringsinnspel til ny barnelov frå Noregs Mållag Den nye språklova er no vedteken i Stortinget, og med det lovfestar Stortinget at «offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa oppgåva», jf. § 9. Det er bra. Eit krav om klart språk i offentlege tekstar og dokument er viktig for at alle skal kunne lese og forstå tekstane som vedkjem dei. Det er heilt avgjerande for ei demokratisk ålmente, men det er viktig at dette ikkje vert brukt som argument mot nynorsk. Dette er det heldigvis tverrpolitisk semje om. I Innst. 253 L (2020–2021), innstillinga til proposisjonen om ny språklov, uttrykkjer ein samla familie- og kulturkomité at han er oppteken av «at klart språk ikkje må brukast som eit argument imot nynorsk i forskjellige tekstar» (s. 20). Noregs Mållag har i fleire NOU-ar sett slik argumentasjon. Opplæringslovutvalet problematiserte nynorskbruk i sin NOU 2019: 23 Ny opplæringslov , og no gjer utvalet som har kome med NOU 2020: 14 Ny barnelov. Til barnets beste, det same. Dei skriv at «utvalget mener imidlertid at det ikke kan legges for mye vekt på hensynet til utvikling og bevaring av nynorsk som språkform i spørsmålet om lovspråk» (s. 70). Målet frå St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk om at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengd skal vere på nynorsk, er ikkje nådd. Kulturdepartementet viste i 2012 til at om lag 15 prosent av alle gjeldande lover er på nynorsk. I tekstmengde utgjer desse i underkant av 10 prosent. I meldingsdelen av Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk vert det peika på at Språkrådet melder a t fleire lovutval som føreslår viktige lover på nynorsk, har gått inn for å endre lovspråket til bokmål der den gamle lova var på nynorsk (s.24). I tillegg går barnelovutvalet heilt på tvers av offisiell norsk språkpolitikk når dei karakteriserer gode nynorskord som «konservative» og medvite argumenterer for bokmålsnære former med einaste grunngjeving at dei er bokmålsnære. Då tek utvalet ei aktiv rolle i utviklinga av nynorsk skriftkultur og er med og dreier nynorsken i retning dei bokmålsnære formene. At utvalet ikkje meiner at lovspråk er ein stad for bevaring av nynorsk, er oppsiktsvekkjande. Det skulle ikkje vere naudsynt å minne om at me i Noreg har to jamstelte norske skriftspråk: nynorsk og bokmål. Desse skal normerast på sjølvstendig grunnlag, slik det er fastsett i offisiell norsk språkpolitikk. Og det er det offentlege Noregs ansvar å hegne om og utvikle nynorsk på lik line med bokmål, som jamstelte nasjonalspråk. Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"