Dato: 27.04.2021 Svartype: Med merknad Norges Kvinne- og familieforbund helsar denne revideringa velkomen og ser at utvalet har gjort ein god og etter vår oppfatning grundig gjennomgang av arbeidet ut frå sitt mandat. Vårt forbund vil komme med innspel og nokre kommentarar til deler av innhaldet. Vedlegget som omhandlar økonomi finner vi informativt og helsar velkomen. K&F ønsker å komme med merknader til nokre av dei områda som vi meiner er viktigast. Drøfting rundt familieomgrep og ulike foreldre-rollar (utvida foreldreskap og familie) er interessant og vesentleg i eit samfunn som er i stadig endring. Det er hyggjeleg og godt å lese den innleiinga som er berekna for barna. Viktig at dei som denne lova eigentleg er retta mot får ein moglegheit til å orientere seg på eiga hand. Barnet skal ikkje brukast som eit våpen mot den andre forelderen. Ein må og ta omsyn til eit barn som vegrar seg for å vere hos ein av foreldra. kap 6 Anbefaler utvalet ei oppgradering av lovteksten i den forstand at den skal være lettlesen og tilgjengeleg for ålmenta og slik opplevast som rettferdig. Dette støtter vi fullt ut. Det er viktig at «barnets beste» ikkje berre er et omgrep men at det også gir ei meining. Viktige prinsipp i lova: at begge foreldra er likeverdige. at det gis ein tydeleg myndigheit til meklings instansane. at kompetansen hos dei som skal mekle, komme med vurderingar og / eller dømme i barnefordelings saker aukast betydeleg og merkbart. kap 8 : Barnets beste som grunnprinsipp støttes. Kap omhandlar barnets rett til 2 foreldre og retten for barnet til å bli høyrt løftast fram av utvalet. At barn over 7 år skal høyrast og informerast er eit viktig prinsipp ( med tilpassing til alder og kor modent barnet er) Vi leser videre at «Kvalifiserte dommarar og rådgjevarar» må prioriterast i barnefordelingssaker og at personar som deltek i desse saker må ha et minimum av kunnskap og erfaring. kap 9: Forbundet vårt følger diskusjon om ulike familiekonstruksjonar med interesse. For oss blir det viktig å poengtere at begge foreldre skal ha like rettigheiter overfor barnet, det være seg far, mor, medmor eller andre. Kap 10 : Det er viktig at barnet skal høyrast i samband med flytting - her støttast utvalets forslag om at ein forelder ikkje kan flytte til en anna del av landet eller til utlandet. Dersom ein skal flytte, må begge foreldre vere einige, og barnet skal takast omsyn til. Kap 11: K&F støtter fleirtalets syn i utvalets innspel i samband med klargjering av delt «fast» bustad iht § 36 annet ledd. Det er et viktig prinsipp å krevje einigheit i samband med flytting fordi foreldreansvaret ligger på begge foreldre.» 11.3.1 Gjeldande rett Etter barnelova § 36 f y ste ledd kan foreldra avtale at barnet skal bu fast saman med begge (delt fast bustad) eller bu fast hos den eine. Alternativa etter føresegna er likestilt og gir ingen presumsjon for at den eine ordninga er betre enn den andre. Det er omsynet til det konkrete barnets beste som skal v æ re avgj e rande for kva ordning foreldra vel. Kap 12 : Om samvær - ingen tvangshenting? Utvida samvær? Her finn vi ikkje noko å merke - opp til foreldra å avtale samvær - skal ta utgangspunkt i barnets behov og ønskjer samt moglegheiter. Kap 13: I samband med bidrag er det viktig med klare regler og klart språk. Kap 14: Økt mekling frå 1 til 6 timer stiller vi oss bak. Utvalets forslag om økt myndigheit til Fylkesmann (meklings instans) støtter vi. Kap 15: I mekling og barnefordeling skal barnet høyrast og foreldra likestillast. Forslag om at det vert skrevet referat frå samtalane bør vere eit viktig prinsipp. Forslag om å gje Fylkesmannen auka myndigheit og til å krevje at det utnemnast ein «kontaktperson» høyrast fornuftig ut. Barnets beste skal heile tida vere i fokus! Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"