Stord kommune sin uttale til høring av NOU 2020:16 Levekår i byer, Gode lokalsamfunn for alle.
Stord kommune takker for invitasjon til å gi uttale. Kommunen sitt folkehelseråd har drøfta dokumentet, og har følgjande generelle kommentar til utgreiinga:
Stord folkehelseråd meiner NOU 2020:16 er ei grundig utgreiing av segregering og levekårsutfordringar i dei største byane, og at framlegg til tiltak er godt begrunna. Samtidig vil folkehelserådet peike på at mange av utfordringane som blir omtala også finns i mindre byar og kommunar, om enn i mindre omfang. Frå eit individperspektiv kan utanforskap i mindre lokalsamfunn opplevast vel så belastande som i større byar. Det er difor viktig at ei styrka satsing i storbyane ikkje medfører eit svekka handlingsrom for utvikling av gode tilbod i andre kommunar.
Vår erfaring er at det i dag er skilnad i handlingsrom mellom store bykommunar og mindre kommunar når det gjeld å etablere lokalmiljøtilbod som aktivitetsarenaer og møteplassar. Dette fordi det er vanskelegare for mindre kommunar å setje av nok ressursar til slike tiltak, og fordi einskilde stønadsordningar berre er retta mot større byar. Ei ny satsing for gode lokalsamfunn for alle må også ha mål om at mindre byar og kommunar kjem styrka ut. Satsinga må difor ikkje føre til omfordeling av ressursar frå mindre kommunar til storbyar.