🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om forlengelse av midlertidige hjemler i helseberedskapsloven for å ivare...

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, støttar at det er behov for å forlenge dei midlertidige heimlane i helseberedskapslova, for å sikre forsyninga av legemidlar, medisinsk utstyr og personleg verneutstyr under covid-19 pandemien.

Utviklinga av covid-19 pandemien er framleis usikker, og det må vere eit handlingsrom i regelverket som gjer det mogleg å sikre forsyningar og handtere ein krevjande resurssituasjon i helsetenesta dersom smittetrykket aukar og fleire blir alvorleg sjuke og treng akutt behandling i sjukehus, og oppfølging, eventuelt kompleks rehabilitering, etter den akutte sjukdommen.

Helse Bergen si erfaring er at det har vore, og framleis er, naudsynt med ein stor og koordinert innsats for å sikre forsyninga av utstyr og legemidlar som trengs for godt smittevern og behandling av pasientar under covid-19 pandemien. Dette gjelder særleg når det no er forventa ordinær drift i sjukehusa, samstundes som vi skal ha full kontroll på smitte blant pasientar, tilsette og studentar/elevar under utdanning.

Vi nyttar høvet til å peike på at dersom smittetrykket aukar og situasjonen på sjukehusa endrar seg til det verre, då særleg med fulle intensivavdelingar, bør det framleis vere mogleg å gjere unntak fra pasient- og brukerrettighetsloven slik helseberedskapsloven § 6-2, 3 ledd opnar for i dag. Dette fordi ein markant auke av innlagte pasientar med behov for intensivbehandling som følge av covid-19 pandemien, kan gjere det nødvendig elektiv drift ned til eit minimum, noko som vil føre til at enkelte pasientrettar ikkje kan bli oppfylt.