🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Endring av forskrift om bærekraftig skogbruk - Forslag om å forby grøft...

Statsforvaltaren i Rogaland

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Statsforvaltaren i Rogaland er positive til at myrområde blir forvalta på ein slik måte at deira funksjon i klima- og miljøsamanheng blir ivareteke. Me ser at endringa av forskrift for berekraftig skogbruk som er framlagt er føremålstenleg i den samanheng, og me kan ikkje sjå at endringa vil ha betydelege konsekvensar for skogbruket.

Me vonar at forbodet ikkje råkar plantefelt der det er gjort investeringar i grøfting og planting men skogen framleis er i ein veksthemmingsfase. Desse felta kan i ein periode ha betydeleg lågare produksjon enn plantefelt på fastmark av same alder, men er per definisjon produktiv skog då dei vil produsere meir enn 0,1 m3/årleg under gunstige bestandsforhold. Forskrift og rettleiar bør vere tydeleg på at i desse tilfella er grøfterensk (fjerning av rotvelter mm.) tillate der det er naudsynt og skogfageleg forsvarleg for å realisere investeringane og sette i gong skogproduksjonen.

Vidare bør de vurdere korleis handtere tilfelle der redusert vedlikehald av grøfter som følgje av forbodet kan få utilsikta negative konsekvensar for anna skogbruks- og jordbruksareal, skogsbilvegar og turstiar. Det er ikkje uvanleg at dreneringssystem på innmark har avløp i opne grøfter som går gjennom utmark.

Forskriftendringa bør forøvrig vere tydeleg avgrensa mot nydyrkingsforskrifta i jordbruket.