Dato: 12.03.2021 Svartype: Med merknad Statsforvaltaren i Vestland sluttar seg til hovudtrekka i framlegget og har berre to merknader: Me merkar oss den nye rolla statsforvaltarane (tidlegare kalla fylkesmennene) vil kunna få som klage- og tilsynsinstans overfor kommunane. Dette er ei rolle me er godt kjende med frå ei rekkje andre felt, og som me prinsipielt og fagleg er rette instans for å handtera, jf. til dømes NIVI Rapport 2016:2 "Én dør til staten for kommunene." Me takkar difor for tilliten som ligg i framlegget. Likevel må me nemna at me går ut frå at me vil få tilført nye økonomiske ressursar til å kunna handtera denne rolla på ein forsvarleg måte. Rammene for korleis Statsforvaltaren som klageinstans skal prøva kommunale vedtak, går fram av framlegget til § 7. Innhaldet i § 7 er det same som hovudinnhaldet i gjeldande forvaltningslov § 34 andre ledd. Statsforvaltaren i Vestland sluttar seg til realiteten i framlegget, men vil peika på at det er uheldig at ei sektorlov har særregulering av noko som alt følgjer av den allmenne forvaltningslova. Denne lovtekniske løysinga reiser til dømes spørsmål om det som ikkje er nemnt i lovframlegget § 7 som går fram av forvaltningslova § 34 andre ledd, skal gjelda i saker som går etter lov om kommunens ansvar overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden. Vidare er det i framlegget til ny forvaltningslov, NOU 2019:5, føreslege endringar i korleis regionale statsorgan skal prøva skjønnet til kommunane, som kan føra til at det blir eit avvik mellom den føreslegne lova og ei ny forvaltningslov. NOU 2019:5 byggjer elles på eit prinspipp om at sakshandsamingsreglar i sektorlover på særlege forvaltningsområde, må ha ei særskilt grunngjeving. Utan særskilt grunngjeving må forvaltningslova gjelda. Me føreslår difor at lov om kommunens ansvar overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden heller har ei allmenn tilvising om at forvaltningslova gjeld. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"