Forslag til lov- og forskriftsendringer for å motvirke kroppspress - Regulering av kosmetiske inngrep, injeksjoner og behandling og tydeliggjøring av helsepersonellovens virkeområde mv. - Høyringssvar frå Helse Bergen
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er einig i at det er ein viktig målsetting å motverke kroppspress, og støtter at eit verkemedel som kan bidra til å komme nærare dette målet er ein sterkare regulering av kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling som ikkje har medisinsk indikasjon.
Lovfesting av 18 års aldersgrense for slik behandling utan høve for foreldre til å samtykke på barnets vegner, vil understøtte praksis som er etablert blant seriøse aktørar. Det er likevel behov for å lovfeste denne praksisen for å sikre at alle aktørar held seg til ein 18 års grense for slike behandlingar.
Videre meiner vi det er viktig at det blir regulert i lov at det bare er helsepersonell som kan utføre kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling som kan påføre pasienten alvorlig skade, sjukdom, komplikasjonar eller biverknader. Fagmiljøet i Helse Bergen peiker på at dette er ein uoversiktlig og lite regulert marknad som det er viktig at kjem under sterkare styring og kontroll. Etter Helse Bergen sitt syn inneber dette at det også bør innførast eit forbod mot bestilling og bruk av kosmetiske injeksjonar i private heimar.
I høyringsbrevet står det at det synest å være ein viss samanheng mellom press på utsjånad og ein aukande marknad for kosmetiske eller estetiske behandlingar av ulike slag. Ut fra denne premissen vil det vere eit godt tiltak å redusere høvet for å marknadsføre slike behandlingar. Helse Bergen meiner det må være heilt sjølvsagt at slik marknadsføring ikkje skal rettast mot barn og unge under 18 år, og legg til grunn at den føreslåtte presiseringa bare vil være ein rettslig regulering av etablert praksis. Spørsmålet er om man vil nå målet om å redusere press på utsjånad i samfunnet, utan at ein også innfører eit generelt forbod mot marknadsføring av kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling.
Helse Bergen har i denne høyringa vært særlig opptatt av Ungdomsrådet si stemme. Rådet peiker på at kosmetiske inngrep er stadig meir normalt og at ungdommar i større grad blir eksponert direkte og indirekte for «idealkroppen». Dette igjen gjer at kroppspress blant unge aukar. Helse Bergen meiner på denne bakgrunnen at det bør innførast eit generelt forbod mot slik marknadsføring, for å bidra til å nå målsetjinga om å motverke kroppspress.
Ungdomsrådet peiker også på at det er nødvendig med andre tiltak for å nå målet om å motverke kroppspress, og nemner tiltak som undervisning i skulen om konsekvensar av kosmetiske inngrep og normalisering av ulikskap. Helse Bergen stiller seg bak dette.
Marta Ebbing, fagdirektør, FoU-avdelinga
Nina Christin Næsheim, rådgjevar, Føretakssekretariatet