Høyringsinnspel til oppdatering av klimalovas klimamål for 2030 og 2050
Framtiden i våre hender takkar for høvet til å kome med høyringsinnspel til forslaget om å oppdatere Klimaloven med eit forsterka klimamål. Klimalovens formål om å fremje omstillinga til eit lågutsleppsamfunn og klare og gode rammer for openheit i status, retning og framdrift er viktigare enn nokon gong. Det er Framtiden i våre henders oppfatning at korkje det føreslegne måltalet for 2030 eller dei delane av lova som er foreslått uendra er godt nok eigna til å ivareta Klimalovens formål.
Vi viser til høyringsinnspelet frå Forum for utvikling og miljø (ForUM) for detaljert argumentasjon for våre innspel, som i stor grad er koordinert og samordna med ei rekkje andre miljøorganisasjonar. Dette høyringsinnspelet er difor å sjå på som ei kortfatta stadfesting av våre innspel saman med ForUM-fellesskapen, med eit tillegg om forbruksbasert klimarekneskap.
Endring av lovas klimamål for 2030 til minst 55 %
FNs klimakonvensjon slo i sin NDC Synthesis Report i februar 2021 fast at dei nasjonalt innrapporterte klimamåla berre er nok til å kutte 1 % av utsleppa innan 2030. For kvart år verdas land ventar med å setje i verk drastiske tiltak for å kutte utslepp, må ambisjonane skrus opp for det neste. Det er etter Framtiden i våre henders syn ikkje tilstrekkeleg å operere med eit intervallmål for 50-55 % når vi veit at kutt på minst 55 % i nasjonale kutt både vil vere naudsynt for å nå Parisavtalens målsettingar og at det er meir sannsynleg å nå dette målet jo tidlegare vi sett det. I tillegg er tidleg omstilling av næringslivet ein viktig føresetnad og eit konkurransefortrinn for jobb- og verdiskaping i tiåra som kjem.
Sett eiget mål for auka naturleg karbonlagring, separat frå eksisterande utsleppsmål
Vi deler regjeringas syn på kvifor det er viktig å halde kutt i naturlege karbonlagringsprosessar knytta til skog- og arealbruk separat frå dei andre utsleppskjeldane. Likevel finnes eit stort potensiale for auka naturleg karbonlagring i Norge, og vi etterlyser eit eiget og separat mål for dette.
Utbetre klimalovens krav til dei årlege reiegjeringane beskrive i Klimalovens § 6
Klimaomstillinga vi står overfor er ei av dei mest omfattande sektorovergripande utfordringane vi nokon gong har stått overfor. Dei årlege reiegjeringane knytt til statsbudsjettproposisjonen har etter Framtiden i våre henders oppfatning ikkje vore tilstrekkeleg gode til å oppfylle Klimalovens formål om å fremje openheit og debatt om status og framdrift i arbeidet med utsleppskutt. Vi saknar årlege klimabudsjett som tydeleggjer utsleppseffekten knytt til enkeltvise budsjettkapittel og postar. Sektordepartementa si rapportering under klimaloven har òg vore av særs varierande kvalitet. Departementa bør få eigne utsleppsbudsjett for sine ansvarsområde som dei rapporterer i tråd med. All slik rapportering bør vere mest mogleg gjennomsiktig og etterprøvbar for eksterne aktørar.
Budsjettvedtak har òg utsleppskonsekvensar som går langt utover dei utsleppa Norge har juridisk ansvar for under Paris-avtalen (dei som finn stad geografisk i Norge). Det globale karbonfotavtrykket til den norske økonomien er både relevant for å kartleggje karbonlekkasje knytt til tiltak for klimakutt nasjonalt og den samla globale evna til å nå Paris-måla. Den årlege reiegjeringa bør difor supplerast med å rapportere norske forbruksbaserte klimagassutslepp. Rapporteringa bør sjå til tilsvarande metode i Sverige.