Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar. Vi arbeider for å setje spørsmål for fjellområda på dagsorden og for livskraftige fjellbygder. Fjellnettverket representerer fire fylkeskommunar, åtte regionråd og fleire kommunar i fjellområda i Sør Noreg. På vegner av medlemmene har me desse innspela til Distriktsnæringsutvalet si innstilling.
Utfordringane som blir presenterte i NOU-en, er i hovudsak dekkjande for fjellområda: Færre i arbeidsfør alder, fråflytting, fødselsunderskot og mangel på arbeidskraft med relevant kompetanse. Befolkningsframskrivingane frå Telemarksforsking viser at situasjonen truleg kjem til å forverre seg framover. Fjellnettverket er uroa over utviklinga og framtida til distrikta og spesielt fjellområda.
Fjellområda i Noreg har naturgitte føresetnader med anna grunnlag for utvikling og forvaltning enn andre område i Noreg. Berekraftig bruk av fjellområda og utvikling av ressursane i fjellet er eit bidrag for å redusere den globale oppvarminga. God forvaltning og bruk av desse områda stiller spesielle krav, og kan skje best når det bur folk i og nær fjella.
For å få til dette er det behov for ein næringspolitikk som byggjer på og utviklar ressursgrunnlaget i fjellområda. I dag har næringslivet i desse områda mindre vekst enn mange andre område. Unntaket har i fleire tiår vore reiselivet, som har vore ein sentral drivar for utvikling og vekst. Korona-utbrotet har gjort at det er usikkert korleis dette kjem til å utvikle seg framover. I fjellområda har den relative indeksen for arbeidsplassar i privat sektor dei siste ti åra vore 9,7 prosentpoeng svakare enn arbeidsplassveksten i landet som heilskap. Dette er svakare enn for kommunane i sentralitetsklasse 6 og 5.
I fjellområda treng vi innbyggjarar, og vi treng kompetent arbeidskraft for å møte demografiutfordringane og for å halde oppe viktige offentlege tenesteområde. Derfor bør det i større grad satsast på næringsutvikling og tilflytting til fjellområda.

Innbyggjarar og fritidsinnbyggjarar
Ei spesiell utfordring for fjellkommunane og andre distriktskommunar er at overføringane til kommunane baserer seg på innbyggjarar og ikkje på faktiske brukarar. Utfordringa har auka over tid. Sidan 90-talet har endringane i måten nordmenn byggjer og brukar fritidsbustader på, endra seg: Frå små hytter med enkel standard til bustad nummer to. Fritidsinnbyggjaren brukar mykje tid på hytta og i kommunen hytta ligg i. Mange fjellkommunar får mangedobla innbyggjartalet i høgsesongane.
Kommunar får fleire positive ringverknader av fritidsbustadene, men òg store utgifter, mellom anna på grunn av opphaldsprinsippet, infrastruktur og til behandling av byggjesaker. Overføringane til kommunane blir rekna etter talet på heiltidsinnbyggjarar og tek ikkje høgde for at måten nordmenn bur på og brukar fritida si på, har endra seg.

Fjellnettverket meiner:
- Det er positivt at utvalet meiner at inntektsgrunnlaget til kommunane skal vurderast. Etter vårt syn er tide inne for å konkludere med at brukartal og ikkje innbyggjartal bør leggjast til grunn både ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentlege tenester. Vi viser til debatten om hyttebruk i fjor vinter. Vårt ønske er at fjellbygdene skal vere i stand til å tilby både innbyggjarane og fritidsinnbyggerane gode tenester.
Naturressursar
Distrikta og fjellområda forvaltar store naturressursar på vegner av heile landet. Bruk av desse ressursane kjem heile samfunnet til gode og er sentralt for å bremse oppvarminga og gjennomføre det grøne skiftet. Bruk av naturressursar medfører ulemper for lokalsamfunnet, og dei bør kompenserast med inntekter som kjem lokalsamfunna til gode.
Fjellnettverket støttar utvalet i:
- At distriktskommunar som avstår frå verdifulle naturressursar til storsamfunnet, må få behalde ein større del av verdiskapinga. Desse inntektene bør heilt eller delvis haldast utanom inntektsutjamningssystemet. Dette vil gi kommunane insentiv til å leggje til rette for å nytte naturressursar og med det føre til auka verdiskaping.
2. Statlege arbeidsplassar
NOU 2020:12 viser tydeleg at sysselsetjingsveksten i offentleg sektor har skjedd på ein slik måte at sentraliseringa har gått snøggare. I kommunar med sentralitetsklasse 6 har arbeidsplassveksten i offentleg sektor vore 23 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet sidan 2000-talet. Ser vi på fjellkommunane samla, er arbeidsplassveksten 15 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet. Denne nedgangen får særleg negative konsekvensar i distriktskommunar med einsidig næringsliv og få arbeidsplassar for dei med høg utdanning.
Fjellnettverket meiner statlege arbeidsplassar bør fordelast ut over landet og støttar difor utvalets forslag om at det bør leggjast større vekt på lokalisering av statlege arbeidsplassar enn i dag.
Fjellnettverket meiner statlege arbeidsplassar bør fordelast ut over landet og støttar difor utvalets forslag om at det bør leggjast større vekt på lokalisering av statlege arbeidsplassar enn i dag.
3. Sikre tilgang på kompetent arbeidskraft
Utdanningssystemet påverkar i stor grad kvar ein buset seg etter utdanninga. Undersøkingar viser at over 70 prosent blir verande i regionen der dei har gjennomført studia. I dag er utdanningsinstitusjonar i stor grad lokaliserte i sentrale område. Dette får ein negativ effekt på næringslivet i distrikta.
4. Differensiert arbeidsgjevaravgift
Fjellnettverket meiner dagens ordning med differensiert arbeidsgjevaravgift er eit svært viktig distriktspolitisk verkemiddel.
5. Innovasjon og næringsutvikling
Innovasjon og vekstkraft dannar grunnlag for næringsliv og busetting i distrikta. Målretta ordningar vil styrke mogelegheitene for etablering, innovasjon og omstilling. Ein variert arbeidsmarknad, er viktig for framtidig næringsutvikling i fjellområda. Særleg trengst fleire arbeidsplassar med krav til ulik kompetanse hjå innbyggarane.
6. Infrastruktur
Infrastruktur og samferdsel er sentrale spørsmål for næringslivet i distrikta. Tilgangen på digitalt infrastruktur er svært mangelfull i store delar av fjellområda. Dette får negative konsekvensar for barn og unge under utdanning, næringslivet og mogelegheiter for nyetableringar.
Konklusjon
Utgreiinga til distriktsnæringsutvalet gir eit godt fagleg grunnlag for å utvikle fjellområda og distrikta i Noreg. Skal me ha levande og livskraftige lokalsamfunn og fjellbygder i framtida, er det nødvendig med ein offensiv distriktspolitikk, som tek i bruk vesentleg sterkare verkemiddel enn i dag. Distrikta og fjellområda bidreg med sine ressursar til landet som heilskap. Skal me i framtida nytte desse ressursane på best mogeleg vis og leggje til rette for utvikling og det grøne skiftet, må det bu folk over heile landet.
Fjellnettverket meiner det er behov for ein offensiv politikk som legg til rette for næringsutvikling, og forslaga frå Distriktsnæringsutvalet bør bli praktisk politikk så snart som råd.
Fjellnettverket meiner det er behov for ein offensiv politikk som legg til rette for næringsutvikling, og forslaga frå Distriktsnæringsutvalet bør bli praktisk politikk så snart som råd.