Dato: 28.01.2021 Til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet Frå Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, ved leiar Jenny Myklebust Saka gjeld: Høyringsfråsegn i samband med NOU 2020:12 – Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn Nedlegging og sentralisering: Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland vart stifta etter at den tradisjonsrike lærarutdanningsinstitusjonen på Nesna vart foreslått nedlagt etter fusjonen med Nord universitet. Saka har sett lys på store regionalpolitiske utfordringar. Folkeaksjonen synleggjer det regionalpolitiske og distriktspolitiske ansvaret for å rekruttere lærarar og sjukepleiarar til regionen vår og til distrikta rundt om i landet. Vi kjenner til prognosane, ei varsla utdanningskrise. I Nordland er situasjonen blitt ytterlegare forverra på bakgrunn av nedlegginga av Campus Nesna. Frå 2019-2020 gjekk søkartala i fylket ned med 31% (for klassetrinnet 5-10). Utdanningsforbundet er bekymra for at Nordland fylke har dei dårlegaste søkartala i landet, på lærarutdanning for trinn 5-10. (Dårligst søking på lærerutdanning i nord, Hblad 19.10.2020). I følge KS, treng Nordland 141 utdanna lærarar per år, i 10 år framover, og vi er langt under dette talet. Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland er derfor svært glade for at Distriktnæringsutvalget understrekar viktigheita av å ta lokaliseringspolitiske omsyn. «Ved oppretting av nye statlige virksomheter, strukturendringer eller omlokaliseringer av eksisterende virksomheter må vurderinger av lokaliseringspolitiske hensyn tillegges langt større vekt enn det som har vært tilfellet fram til i dag.» Tilbakeføre ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon på Campus Nesna Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland arbeider for å gjenreise den regionale høgskulen på Campus Nesna som ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon. Ei viktig forutsetning for å kunne rekruttere lærarar over heile landet, er at det finns ein desentralisert modell for lærarutdanning. Forsking viser at studentane i stor grad søkjer seg jobb i nærleiken av der dei er utdanna. Når dei fleste lærarutdanningsinstitusjonane er plassert i dei større byane, veit vi at taparane blir distriktskommunane, når det blir rift om dei utdanna lærarane. I dette perspektivet blir det viktig å sørge for at lærarutdanningsmiljøet på Nesna blir vidareført som en sjølvstendig høgskule, med eit hovudansvar for de viktigaste profesjonsutdanningane som kommunane etterspør, det vil seie, lærarutdanning, barnehagelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Er ein slik institusjon på plass, er også grunnlaget lagt for det ansvar for forskings- og utviklingsarbeid som dei høgare utdanningsinstitusjonane har i sine regionar. Ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon vil og bevare kompetansearbeidsplassane i regionen, slik utvalet peikar på i dokumentet. «Spredning av arbeidsplasser for folk med høyere utdanning er viktig for å skape et variert arbeidsmarked, som bidrar positivt til bosetting og næringsutvikling i distriktene.» Etter fusjonen og nedleggingsvedtaket blir dei tilsette ved Campus Nesna oppmoda til å bytte arbeidsstad ut av regionen Helgeland. Dette vil få store konsekvensar for Helgeland. Vi er derfor svært glade for at utvalet peikar på viktigheita av offentlege institusjonar i distriktet og at lokaliseringa av desse vektleggast. «Utvalget mener det er mulig å påvirke de sterke sentraliseringskreftene, men at dette krever et høyt ambisjonsnivå med målrettede virkemidler, herunder desentralisert lokalisering av offentlige institusjoner. Det bør etableres et eget verdiskapingsprogram for næringsutvikling i distriktene rettet inn mot bedrifter med høy andel av ansatte med høyere utdannelse.» Folkeaksjonen håpar at regjeringa tek tilrådinga frå NOU 2020:12 til følgje og legg til rette for ei reetablering av tidlegare høgskulen i Nesna som ein sjølvstendig høgare utdanningsinstitusjon med eit nasjonalt ansvar for lærarutdanning i eit distriktsperspektiv. Kommunal- og distriktsdepartementet Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"