🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring- NOU 2020:12 – Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokals...

Rogaland fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Rogaland fylkeskommune ønskjer å avgi følgande høyring i saka:

Fylkesutvalet støtter anbefalingene til utgreiinga Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn NOU 2020:12.

Ein saknar samstundes ei vektlegging og vurdering av landbrukets betydning og framtidige moglegheiter, både for verdiskapning og for busetting. Fylkesutvalet forventer at regjeringa følger opp dei anbefalte tiltaka. Fylkeskommunane og kommunane må ha handlingsrom og økonomiske verkemiddel til å kunne ta ei sterkare utviklingsrolle i distrikta. Fylkesutvalet vil elles framheve desse tilrådingane spesielt som avgjerande for levande lokalsamfunn og eit aktivt næringsliv i distrikta:

 Kommunane må få behalde meir av verdiane som skapast lokalt. Naturressursinntekter bør frikoblast frå utjamningsmekanismane i inntektssystemet.

 Digital infrastruktur er i dag ein grunnleggande og kritisk infrastruktur og kan ha kompenserande effekt på dei avstandsmessige ulempene i distrikta. Tilgong til høgkapasitets internett må difor gjerast til ein rett på lik linje med straum. Statleg støtte til bredbåndsutbygging og fiberløysingar, inkludert mobiltelefoni, må bli forsterka ytterligare for dei områda av landet der det ikkje er kommersielle utbyggingsplanar.

 For å dekke det lokale og regionale næringslivets behov for arbeidskraft er det behov for fleksible etter- og vidareutdanningstilbod i regi av universiteta, høgskulane og fagskulane, utover det som tilbys i dag. Insentivsystemet og finansieringen av universiteta, høgskulane og fagskulane bør utformast slik at det stimulerer til desentralisert studiestadstruktur.

 Dei distriktsretta utviklingsmidlene til fylkeskommunen må styrkast, slik at fylkeskommunen kan oppfylle rolla og legge til rette både for næringsutvikling og attraktive lokalsamfunn i distrikta.

 Ordninga med differensiert arbeidsgiveravgift må halde fram, og ein må gjeninnføre kompensasjonsordninga for dei kommunane som falt utføre.

 For å løyse utfordringane med hensyn til kompetent arbeidskraft i kommunar sentraliseringsklasse 5 og 6 bør ein vurdera nye verkemiddel.

 Inntektsfordelingen bør utredast vidare i tråd med måten nordmenn bur og brukar fritida si på, slik at økonomien til distriktskommuner med mange fritidsinnbyggjarar, stor gjennomgangstrafikk og beredskapsansvar vert styrka.

 Statleg nærvær sikrer velferdstenester nær befolkningen, og bidreg til lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø. Nye statlege arbeidsplassar bør difor som hovudregel leggast utanfor Oslo.

 Meldinga viser at bruk av regionale utviklingsmidler er eit effektivt verkemiddel for å styrke verdiskapinga og bidra til innovasjon i heile landet. Det er difor svært viktig at midlane må aukast.

 Distriktsnæringslivet, særleg knytta til jord- og skogbruk, må ikkje blir påførte ein uforholdsmessig stor del av byrdene som følger kostbare kutt i utslepp, og fleire stimuleringstiltak for grøn omstilling bør innførast.

 Etterslepet på fylkesvegane er stort, og mange vegstrekningar er rasutsette. Fylkeskommunane må settast i stand til å ta igjen vedlikehaldsetterslepet.