Sauda kommune gir følgande uttale til Distriktsnæringsutvalget sin rapport:
Det er eit grundig og godt arbeid som er utført av Distriktnæringsutvalget og Sauda kommune støtter i all hovudsak analysane og tilrådingane. Distrikta er viktige for Noreg og det kreves ein aktiv politikk for å motverke megatrenden med sentralisering.
Sauda kommune ønskjer å framheva viktigheita av at kommunane får behalde meir av dei verdiane som blir skapt basert på lokale naturressursar. Eit viktig utgangspunkt i distriktspolitikken må vera verdiskaping basert på eigne krefter og ressursar først, deretter utjamning gjennom tilskot og overføringar. Politikken må ha fokus på sjølvbergande distriktssamfunn som tener på å stilla sine naturressursar til disposisjon for storsamfunnet og næringsliv.
Utgreiinga til utvalet konkluderer med at vel så viktig som arbeidsplassar er det å skapa bustadsattraktivitet. Utvalet påpeiker at god infrasturktur er avgjerande for utviklinga av levande lokalsamfunn og eit livskraftig næringsliv i distrikta. Vidare skriv utvalet at «dynamikken i arbeidsmarkedet tilsier at også investeringer som utvider bo-og arbeidsmarkedsregioner er viktig for å bedre næringslivets tilgang til arbeidskraft». Særleg tiltak som binder kommunar saman til funksjonelle arbeidsmarknader kan gi stor avkastning. I mange tilfeller gjelder slike infrastrukturprosjekter fylkesvegar der finansiering ofte er krevande.
Sauda kommune ønskjer å spela inn eit konkret forslag til finansiering av infrastrukturprosjekter. Det bør etablerast ein ordning der kommunar og næringsliv kan be om at delar av arbeidsgivaravgifta, eller andre direkte skattar frå næringslivet, frå den eller dei kommunane det gjeld blir øyremerka som ein finansieringsmoglegheit for infrastrukturprosjekter. Dette kan gjerast på tilsvarande måte som vegprosjekter i dag har blitt mellomfinansiert ved bruk av konsesjonskraftmidlar. Inveteringane bør i utgangspunktet gi positiv samfunnsnytte og kunne framvisa konkrete verknander til besparing knytta til energiforbruk (t.d avstand og utslepp), auka bu- og arbeidsmarknad og/eller trafikktryggleik (t.d ras, stenging). Finansieringsmodellen bør samordnast med «Tilskuddsordning for utbedring av fylkesveier som er viktige for næringstransport».