🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endring av lov om forbud mot hold av pelsdyr

Finn Årdal

Departement: Familiedepartementet 2 seksjoner

Bakgrunn

På garden vår har det vore pelsdyr som husdyr samanhengande frå 1935 og til vi måtte ha midlertidig opphald frå desember 2017 på grunn av vegbygging nokre få meter frå farmen. Pelsdyra har mesteparten av denne perioden vore hovudinntektskjelda. Heile pelsdyrgarden er totalrenovert etter år 2000 og tilfredstilte alle krav også frå 2015. Det har og vore drive med andre typar husdyr, innlandsfiske og utleigehytter. Med dette har vi i fleire tiår arbeidd 2 generasjoner med 3 personer i fulltid på dette småbruket. Forbudet mot pelsdyrhald kom som eit stort sjokk og no er det utfordrande å kunne klare inntekt til ein person på bruket med drifta som er igjen.

Det urimelege i 15 januar 2018 som dato for rett til kompensasjon

Finn Årdal og staten ved Statens Vegvesen Region vest inngjekk i 2016 avtale om at eg ikkje kunne drive med pelsdyr under deller av anleggsperioden ved utbygginga av ny E39 frå Bjørset til Skei, då anleggsarbeidet med mykje støy gjekk føre seg kun få meter frå pelsdyrfarmen. For dette vart det inngått avtale om erstatning for driftsavbrudd i perioden.

Pelsdyrhaldet på garden vart difor midlertidig avvikla i slutten av 2017 etter å ha vore i samanhengande drift i over 80 år, så vi hadde ikkje pelsdyr den 15 januar 2018.

I forslag til lov §2 og §3 er ikkje eit slikt tilfelle teke med blant dei som skal komme inn under ordningane med rett til avviklingsperiode og kompensasjon. Dette må vere direkte urimeleg. Det fører til at mitt topp moderne pelsdyranlegg som det har kosta fleire millioner brått fekk negativ verdi. Når eg då heller ikkje får dekka utgifter til riving kan det bli ståande å forfalle like ved E39, som eit slags tvilsomt monument over dagens regjering, om eg ikkje tek den store kostnaden med å rive dette på lovleg måte sjølv.

Eg og eventuelle andre som var i liknande situasjon hadde ikkje nokon moglegheit for å ha pelsdyr på garden den 15 januar 2018 og det bør vere eit minimumskrav at det kjem inn noko i lova som dekker dette. Det enklaste og mest rettferdige vil vere at alle anlegga som tilfredstilte krava frå 2015 kom inn under ordninga.