🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endring av lov om forbud mot hold av pelsdyr

Nissedal kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Nissedal den 18.01.2021

HØRINGSSVAR FRÅ NISSEDAL KOMMUNE VED RÅDMANNEN.

Pelsdyrhald har vore ei viktig næring i Nissedal kommune. Vi ønskjer derfor å gi uttale.

Vi har fem føretak som kjem inn under kompensasjonsordninga. Eitt av dei fem føretaka hadde ikkje dyr i januar 2018, men farmen var leigd bort og i drift. Føretaket er Erbs Mink, org.nr. 912558436 v/Juli Christine Siggestrøm Erbs. Vi er særleg opptatt av dette føretaket, som vi meiner kjem urimeleg dårleg ut.

Vi har eit fellesområde for pelsdyr i kommunen. Kommunen leiger arealet av grunneigaren og har framfesteavtaler med oppdrettarane. Ekteparet Julie og Kristian Erbs kjøpte ein etablert farm på fellesområdet i 2012/13. Dei skaffa seg kunnskap og starta opp med mink. Dei restaurerte farmen totalt. I januar 2016 fullførte dei mellom anna utskifting av all burinnreiing for å oppfylle krava til dyrevelferd og med støtte frå Innovasjon Norge. Ifølgje søknaden om produksjonstilskot og refusjon av utgifter til ferieavløysing hadde dei 1570 avlstisper i 2014, 2000 avlstisper i 2015 og 2016 og 1700 avlstisper i 2017.

Kristian er født og vaks opp i Danmark. Dei ønskte eit opphald i Danmark mellom anna for å lære meir om produksjonen. Derfor leigde dei bort pelsdyrgarden til Berlimoen Pels AS ved Nikolay Valheim frå og med 2018. Berlimoen Pels AS har eigen farm ved fellesområdet og utvida sin produksjon, og Erbs Mink hadde moglegheit til å kome tilbake og halde fram med drifta seinare. Viss dei etablerte seg i Danmark ville farmen vere lett å selje sidan den ligg på fellesområdet. Forbodet aleine har sett ein stoppar for det og gir ingen alternativ til å rive farmen. Dei vil sitte att med mange millionar i gjeld frå etableringa. Dette meiner vi vil vere urimeleg. Dersom kravet om peldyrhald i januar 2018 for kompensasjon for ikkje realiserbar anleggskapital blir ståande, ber vi om at det blir opna for å vurdere dispensasjon frå dette kravet der det er klart urimeleg.

Vi er ellers nøgd med endringsframlegget under føresetnad av at det blir laga utfyllande retningsliner for taksering for å sikre likebehandling, rask behandling, føreseielege resultat og full erstatning.