Lovforslaget er ikkje klårt og tydeleg. Gjev rom for å kunne vri seg. Med tanke på at regjeringa ikkje har fleirtal i Stortinget, er det underleg at dei ikkje prøver å leggje fram noko som kan få fleirtal med små endringar, oppfylle stortingsvedtaket frå 11. februar 2020. Det er jo gitt klåre signal frå opposisjonen om at det som er lagt fram er for utydeleg. Nok eit "dokument 8 "forslag i denne saka til stortinget vil jo vere mistilltit til regjeringa. Endre forslaget slik at det som vert vedteke er klårt og tydeleg i tråd med det som vart vedteke 11. februar i 2020.